Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • iStock-466268301 1280pix.jpg

    Temautstilling: Eg er (står t.o.m. 22.11.)

    Foto- og temautstilling om språk og identitet.

    Ivar Aasen-tunet, -
  • Øystein Vidnes, Simone Stibbe, Brit Bildøen, Jan Inge Sørbø, Rune Klakegg og Cecilie Schilling

    Boknatta: Klassikarar på nynorsk

    Haustens litterære høgdepunkt i Ivar Aasen-tunet er Boknatta torsdag 1. november. I år er det ein serie handplukka verk frå verdslitteraturen som står i sentrum, og det blir både opplesing, samtalar og musikk knytt til denne serien. Blant forfattarane, omsetjarane og litteraturvitarane som kjem til Boknatta i år er Brit Bildøen, Øystein Vidnes og Jan Inge Sørbø.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • familiedag_mrkt_992x627.jpg

    Familiedag: Mørkt

    Det er november og mørketida gjer seg gjeldande. Kanskje du er litt mørkeredd? Det er Dag også, og ikkje berre litt. Men i mørkeret møter han Natalie, og motet. Denne søndagen leikar vi med mørkeret og alt som er fint med hausten.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Forfattar Ivar M. Longvastøl, bokomslag Samlaget

    Søsken til evig tid

    Forfattar Ivar Myklebust Longvastøl har skrive boka ”Søsken til evig tid”. Han kjem til Ivar Aasen-tunet søndag 11. november for å signere boka og fortelje om søskena Oddny og Magnar Kleiva frå Naustdal i Sunnfjord.

  • BBNygardtilLunden.jpg

    Bok og bakverk: Frå Nygard til Lunden

    Poesi – små ord med stor tyding, frå 1934 og fram til i dag. Bibliotekar Siri Beate Gjerde presenterer forfattarar frå Nynorsk litteraturhistorie og les litteraturen deira. Fersk bakst og kaffi i kafeen.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Julehefteutstilling2017

    Julehefteutstilling (står til og med 23.12.)

    Julehefteutstilling med sjeldne godbitar

    Aasen-tunet, basisutstillinga, -
  • kjemilie_992x627.jpg

    Kjemilie

    Duoen Kjemilie, for høvet med band, står for varm og kjenslevar visejazz med tilsvarande tekstar. Emilie Storaas, Kjetil Mulelid, Adrian Waade, Fredrik Dietrichson og Andreas Winther. I samarbeid med Jazzklubben Volda Ørsta.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Ottar Grepstad

    Ottar Grepstad: Skriftkultur NB! Arrangementet er i Oslo

    Ottar Grepstad pensjonerer seg og kjem samtidig med boka Skriftkultur. Dette markerer vi 28. november kl. 18.00 på Nynorskens hus i Rosenkrantz' gate 8, Oslo. Arrangementet er gratis og ope for alle.

    Nynorskens hus, Oslo,