Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • nilssen_olaug 2017.png

    Temautstilling: Olaug Nilssens basar

    Vi viser temautstillinga om Bragepris-vinnaren i 2017, forfattar og dramatikar Olaug Nilssen.

    -
  • do_illustrasjon_2018_kollasj.jpg

    Familiedag: Do

    Aasen-tunet inviterer nysgjerrige barn og vaksne til familiedag med eit tema som gjeld for oss alle. Søndag 4. februar kan heile familien lære meir om historia til doen og teste kunnskapane sine i aktivitetsverkstaden. Kafeen byr på gode kjeks med tematisk form.

    Ivar Aasen-tunet, Salen, Kjøp billettar
  • skulehage_i_barnehage_2018.jpg

    Inspirasjonskurs: skulehage i barnehagen eller på skulen?

    Inspirasjonskurs retta mot tilsette i barnehage og grunnskule, gardbrukarar med Inn-på-tunet-tilbod og andre interesserte.

    Ivar Aasen-tunet, Salen,
  • Konsert_FaSong_2018.jpg

    Konsert med faSong

    Songar frå repertoaret til Dolly Parton, U2, Lars Bremnes, Mariah Carey, Whitney Houston og mange fleire står på programmet når koret faSong innbyd til konsert med «himmelsk pop».

    Ivar Aasen-tunet, Salen,
  • Kunstverkstad_for_vaksne_2018_kollasj.jpg

    Kunstverkstad for vaksne

    Kunstverkstad for vaksne inspirert av bøkene "Norges låver" og "Av stein" av Oddleiv Apneseth og Eva Røyrane.

    Ivar Aasen-tunet, Salen, Kjøp billettar
  • 891 bok og bakverk 34.JPG

    Bok og bakverk

    Aasen-tunet ønsker velkomen til årets første «Bok og bakverk», torsdag 15. februar. Dette er eit gratis arrangement på dagtid med litteratur og fersk heimelaga bakst i kafeen.

    Ivar Aasen-tunet, Kafeen,
  • Reidun Aambø

    Gresk for meg

    I høve den internasjonale morsmålsdagen onsdag 21. februar kjem førstelektor Reidun Aambø til Aasen-tunet. Ho fortel om alfabet og teikn i ulike kulturar, og korleis folketru kjem til uttrykk i språket.

    Ivar Aasen-tunet, Salen, Kjøp billettar