Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • Kunnskapsrike omvisarar

    Open dag i Aasen-tunet

    I samband med nominasjonen til Årets museum 2015, inviterer Ivar Aasen-tunet til open dag søndag 6. september, med mange aktivitetar både ute og inne og kanskje ei og anna overrasking.

  • Kantarell (foto: Per Arne Slotte, flickr.com)

    Soppdag

    Sjølvplukka sopp kan gi deg mange smakfulle haustrettar, men du må vere sikker på at det er trygt å ete soppen du har plukka. Søndag 6. september arrangerer Ivar Aasen-tunet soppdag med turleiarar og soppkontroll. I tillegg er det open dag i museet.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Aasen-tunet med flagg

    Berg og båre – songar frå nord

    Konsert med faSong i Salen i Ivar Aasen-tunet. Billettsal i døra.

  • Is-slottet

    Mat for sjela. Operaen Is-slottet som film

    Komponist Magnar Åm innleier, og samtaler i etterkant med publikum. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Gratis.

  • Helga Synnevåg Løvoll

    Den gode turen

    Foredrag ved stipendiat Helga Synnevåg Løvoll, Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Gratis.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Utescene-mai-2009.jpg

    Måndagstur i Hovdeåsen

    Turen byrjar etter foredraget "Den gode turen", oppmøte i Uteamfiet. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Gratis.

    Ivar Aasen-tunet,
  • Forskingsdagane, Mat og religion

    Mat og religion

    Foredrag ved amanuensis Bente Afset, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Samling rundt eit enkelt måltid i kafeen. Påmelding til måltidet på tlf. 482 52 171 (innan 17. september) I samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademi Arrangementet er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda 18.–22. september. Gratis.

    Ivar Aasen-tunet,
  • biblioteket-648x410.jpg

    Språket i barnelitteraturen

    Dagsseminar i Ivar Aasen-tunet Seminaret er gratis og for alle, men har avgrensa plassar (100). Påmeldingsfrist 14. september. Forskingssenter for skriftkultur ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret og Allkunne.

  • Alfred Hauge og Jan Inge Sørbø

    "Det uvanlege har oppsøkt meg" Alfred Hauge 100 år

    Foredrag ved biograf Jan Inge Sørbø. Volda Vokal framfører songar med tekstar av Alfred Hauge. I samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademi

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • Norske skrivereglar og skriveregler

    Rettskriving i 2015: Gammalmannsfjas eller teikn på nasjonal danning?

    Dosent Jan Olav Fretland om dei nye bøkene Norske skrivereglar/skriveregler.

    Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar