Kva skjer

Her finn du informasjon om arrangement i Ivar Aasen-tunet og billettar.

  • bilde5 3_2.JPG

    Soppdag med soppkontroll

    Søndagsmiddag med sopp til sals i kafeen. Vi får besøk av soppkontrollørar frå Nyttevekstforeninga i Ålesund. Gratis

    Ivar Aasen-tunet,
  • bach.jpg

    Kammermusikkfestivalen: J.S. Bach som reformasjonskomponist

    Foredrag ved Ketil Grøtting, høgskulelektor ved seksjon for musikk på Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda. Musikkinnslag.

    Salen, Ivar Aasen-tunet,
  • 891 bok og bakverk 01022017 01 1280pix.JPG

    Bok og bakverk

    Bibliotekar Siri Beate Gjerde les frå "I hans armar" av Marit Tusvik. Sal av rykande fersk bakst i kafeen. Gratis

    Kafeen, Ivar Aasen-tunet,
  • Edvard Hoem (002).jpeg

    LIVET – Ein poesikonsert med Edvard Hoem

    I poesikonserten Livet vender Edvard Hoem tilbake til sitt første litterære uttrykk, saman med eit knippe jazzmusikarar. Onsdag 20. september gjestar dei Ivar Aasen-tunet med eit program om havet, døden, verda og kjærleiken, sjølvsagt. Politiske og morosame dikt, som alle har ein høg himmel over seg.

    Salen, Ivar Aasen-tunet, Kjøp billettar
  • bie.jpg

    Forskingsdagane: Biene i nærleiken

    Ei vandring i området rundt Aasen-tunet. Ei oppdagingsferd for barn og vaksne i alle aldrar. Her skal vi ut og sjå kven som er på besøk i blomane rundt Aasen-tunet. Med på turen blir tre bieforskarar, Eirik Søvik frå Høgskulen i Volda, Anders Nielsen frå Universitet i Oslo, og Clint J. Perry frå Queen Mary University, London. Det blir høve til å stille alle tenkelege spørsmål og å lære mykje om levesettet til dei verdifulle insekta som pollinerer plantene rundt oss. Gratis

    Ivar Aasen-tunet og nærområdet,
  • bie 2.jpg

    Forskingsdagane: Kva verdiar har biene for oss?

    Dei aller flest set ikkje særleg stor pris på insekt. Dei ser rare ut. Dei kravlar på stadar vi helst ikkje vil ha dei. Dei stikk og bit. Likevel er det enkelte insekt som har ein spesiell plass i hjarta våra. Gratis

    Salen, Ivar Aasen-tunet,
  • TV og HMV med koffert, 1958 beskore.jpg

    Forskingsdagane: Verdiar i krise - ekteparet Vesaas

    Litteraturkveld i Ivar Aasen-tunet med førsteamanuensis Anemari Neple og professor Jan Inge Sørbø. Det blir også musikalske innslag frå operaen "Kimen" ved komponist Magnar Åm, Avdeling for kulturfag, og Volda Vokal. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Gratis

    Salen, Ivar Aasen-tunet,