Aasmund Olavsson Vinje

(Minnestykke, 1910)

(1818-1870)

Av Ivar Mortensson

Heimen hans Aasmund Vinje var høgst uppe i Telemarki, i Vinje bygd. Far hans var husmann og hadde sjølv rudt plassen sin.

Aasmund miste mor si daa han var 10 aar gamall, og sidan var det daa far sin han laut halda seg til i alt. Og Olav Aasmundsson, far hans, var ein klok og mangtenkt mann, og so rødug og løgjen at det var eit bisn. Han var beste skulemeisteren han Aasmund fekk. For skulen elles var det ikkje vidare stell paa i dei tider. Det var berre fire fem vikor um aaret det var skule.

Det var av bøker han lærde minst, alt til han var halvvaksen. Han lika seg best um sumrarne, naar han fekk vera uppi fjellet og gjæta fe; daa sov han ofte under steinhellerar og einebuskar eller i smaa steinhyttor som han tekte med torv, og naar so geiterne kom og skrapa av torvi, saag han beinast upp i himmelen fraa mòse-sengi si.

Men daa han rett fekk tak paa bøker, vart han glad i deim og. Bibelen var det han lika best; der lærde han lange stykke utanboks. Holberg og Petter Dass lika han ogso godt. Han las alle bøker han kunde koma yver, so folk sagde at "denne guten maa verta baade helselaus og galen." Han fekk ord for aa vera eit makelaust godt hovud, men endaa var det ein som sagde aat honom: "Du er vel klok, men so klok som far din vert du aldri; for du les vitet av deg."

Daa han var sloppen fram for presten, tok han ut paa skulemeister-læra. Far hans, som hadde vore med i hernad, totte mun i at sonen kunde verta lærar; for det var so i den tidi at ein slapp her-tenest, so framt ein vart skulemeister.

Han var eit halvt aar paa lærarskulen i Kviteseid, og daa han kom att, fekk han post i heimbygdi si og 52 kr. i løn for aaret; men so hadde han kosten attaat, og hadde fri heile sumaren. Daa drog han til fjells med buskap, og han baade mjølka og yste. Elles so var han vinnekar. Treskomakar var han og.

Daa han hadde vore skulemeister i 5 aar, hadde han lagt seg upp 400 krunor.

Han tenkte saa smaatt paa aa fara til Amerika daa; men presten fekk avtalt honom, so det bar til lærarskulen i Asker i staden. Og der vart han verande i tvo aar, "og svalt gjorde eg sa det gaula i meg," hev han fortalt.

Sidan vart han lærar i Mandal. Men der totte han det skulde vera gildare aa vera sjømann enn skulemeister, og tok til aa læra sjømannsvitskapar. Ulukka var at daa han skulde freista seg paa sjøen og kliva i mastrerne, tok han til aa øra so i hovudet at han laut til lands att.

Endeleg raadde han seg til at han vilde til Kristiania og taka student-eksamen. Der gjekk han paa skule saman med Bjørnson og Ibsen. Student vart han i 1850, og juridisk kandidat i 1856, daa han var 38 aar gamall.

Og daa skulde han til aa vera sakførar; men det høvde ikkje for honom dette yrket heller. For det som han hadde rett hug til, det var einast aa skriva.

Alt longo sidan hadde han teke til aa skriva i bladi. Og det var daa norsk-dansk skriftmaal han brukte, soleis som skikken var. Men han var ikkje lenge god for aa skriva reint bokmaal; det kom so mange gode norske ord og vendingar fram i hovudet hans, naar han skulde skriva, so han kunde ikkje dy seg anna han laut bruka deim. Og paa den maaten vart det korkje norsk eller dansk, men ei underleg mylja av ymse slag. I 1853 kom folkevisorne hans Landstad ut. Dei var paa telemaal. Vinje hadde vel høyrt mange gamle visor og stev i ungdomen; men aldri hadde han ansa paa kva det var for ein gild eignelut Norig aatte her, fyrr Landstad kom med visesamlingi si. Eit heilt bok-rike for seg sjølv var daa desse visorne. Det var nok ikkje so tomt og daudt i bokheimen vaar som ein skulde tru. Og det norske maalet hadde nok heile tidi vore brukt til meir enn talemaal og. Visor og stev alt ifraa Haakon Haakonssons dagar og ned til seinaste tid inneheldt denne boki. Og i Telemarki, i heimbygderne hans Vinje, var denne skatten funnen; der var liksom Norigs dikt­heim. Og no fyrst gjekk det rett upp for honom kva for ei rik gaava nettupp han hadde fenge heimanfraa, diktargaava; og alle desse visorne, det var fedre-arven h a n s fyrst og fremst. Men ein arvtakar skal ikkje berre gøyma arven, han skal auka mìdelen og. Og dette er det Aasmund Vinje hev gjort.

Det varde ikkje lenge fyrr det gjekk upp for honom, at det duger ikkje anna enn norsk maal for nordmenner. Og ho tok til aa veksa meir og meir upp i honom, den kjensla at det er ikkje laakt aa vera fjellmann. Det er nok heller noko ovgjævt. Han kjenner seg som ein tankens adelsmann imot alle byfolk og flatlandsfolk, for di han er fjellmann. Som han ein gong skriv:

"Det var kje under fjellets gut var kar og stødt paa slettelandet herre var, og bar der ned sitt vit og tungemaal paa odden av sitt gode armestaal."

Daa Vinje fekk sjaa folkeviseboki hans Landstad, gjorde han fyrste freistnaden, han og, med aa skriva morsmaalet sitt. Og fem aar etter, i 1858, tok han til aa gjeva ut bladet "Dølen". Der var alt skrive paa landsmaal. Men det var ikkje mange som brydde seg um norsk maal den gongen, so det vart ikkje flust med livemaaten for den som skulde liva av bladskriving i "Dølen", og stor skrivehjelp var det heller ikkje aa finna. Men endaa han svalt mang ein gong og kom seg upp i skuld og gjeld, so heldt han trutt paa med yrket sitt, Vinje. Og vart det for tungsamt, so treiv han staven og skreppa um vaaren og strauk til fjells, og bad bladtingarane sine venta eit bil. Og naar han daa kom att um hausten, kjende han seg ung og fegen. Det var Vinje som lærde by­folki aa verta glad i fjelli vaare. I Jotunheimen, der lika han seg ovgodt. Til slutt fekk han sett seg upp ei stova der og, "Eidsbugarden", ved Bygdin. Han hev skrive mykje um alle fjellferderne sine. Ei heil bok, »Ferdaminne", skreiv han um ferdi si gjenom Øystredalarne til Trondheim i 1860. Og det er ei morosam bok.

Mykje for han umkring og heldt talar, og paa fésjaa-møte og elles. Han var so løgjen til aa tala, at det var gaman aa høyra paa. Og aller mest kanskje naar han sat i ein ring av gode vener, daa var det berre so det gneista og spratt vit og løgje ifraa honom. Han lika ovleg godt aa vera i lag, og jamt var han saman med slike menner som Asbjørnsen og Ivar Aasen og Ernst Sars og Hans Ross.

Umfram norsk var det engelsk han lika best. Og han fekk reisepengar av rikskassa til aa gjera ei ferd til England og Skotland, og var burte eit aar. Um alt han saag og høyrde der hev han skrive boki "Bretland og britarne", som kom ut baade paa engelsk og norsk.

Elles gav han ut "Blandkorn" og "Diktsamling", og so "Storegut", beste boki hans; ho er prenta mange gonger.

Endeleg fekk Vinje ein liten post i eit regjeringskontor med 1000 kr. i løn for aaret. Daa kjende han seg ein heppen mann og totte at framtidi var ljos og lett. Men berre i 3 aar fekk han hava denne posten. Han kom til aa skriva ymist i "Dølen" som regjeringi ikkje lika, og daa gav dei honom braatt avskil. Nokre stortingsmenner, som totte at dette var forsett, vilde daa hjelpa honom paa ein annan maate. Dei meinte at Vinje burde faa skaldeløn, sameleis som Bjørnson og Ibsen. Men framtegget um dette rauk i stortinget. Dette var i aaret 1869. Vinje miste ikkje modet og trui for dette. Same aaret gifte han seg. Men trongare og trongare vart det for honom. Alt aaret etter døydde kona hans, og tri fire maanader etterpaa døydde han sjølv.

*

Det vart sagt um Vinje, at han var so laga at medan han kunde læ med det eine auga, kunde han graata med det andre. Og det var lukka hans, at han kunde baade læ og graata. Det var dette som hjelpte honom i so mang ei tung stund.

Motgang hadde han mest av i livet. Folk vilde ikkje vyrda denne døleguten som var so strid og ikkje vilde bruka bymaalet, og dei meinte at han hadde fortent aa sveita i hel. Og ingen veit det, som ikkje hev røynt det sjølv, kor saart det er at folk berre hæder og lær aat ein. 

Mang ein gong maa Vinje klaga seg og liksom graata ut. Soleis kvad han ein gong:

"Saart eg gret paa livsens ferdi.
Elden brann i merg og bein.
Det var liksom heile verdi
laag paa bringa mi som stein."
Ein annan gong let han so:

"Mitt hjarta hev vore i livsens strid,
og mangt eit saar hev det fenge,
det laag sjukt og saart i so mang ei rid,
men endaa det heve til denne tid
fraa leiken med livet gjenge.

Men ær paa ær etter saar paa saar
der er paa kvar einast' sida,
og upp dei brjota kvar evig vaar,
naar lauvet spretter og isen gaar
og gauken gjeler i lida."
 
"Men blomar blømer i desse ær," legg han til. Og slike blomar er dei
sorg-linne kvadi hans.

Han er den mann som aldri vil gjeva upp, kor mange hogg og saar han fær. Han veit det at
 
"all æra maa liggja i ærlegt stræv
og beda i sannings tempel,
og den som av Gud fekk sitt adelsbrev
han treng ikkje kongens stempel."

Og kor mykje byfolk flirer aat honom, so vil han vera døl, kvar han gjeng.

"Det no som fyrr eg strævar til,
det er aa vera sant meg sjøl;
med andre ord, det segja vil
eg strævar for aa vera døl."
Han hev tankarne som um dei var borni sine aa liva for. Deim er han glad hans; ikkje kann han svika deim: 

"For tankarne dine maa du liva
som for dine andre smaa born,
og ikkje dei smaa or huset driva,
men mala for deim ditt korn.
Du lettare vilde paa baara fljota,
naar dei foro hit og dit;
men den som vil fader-gleda njota
maa kjenna til fader-slit."
Og det er den største trøysti hans, at det vil nok koma ei tid sidan som vil vita aa skyna paa tankarne hans, endaa um ikkje han sjølv fær sjaa det. Han kjenner det paa seg so visst, at ei ny og ljosare tid snart vil renna upp for landet, og han gled seg ved tanken paa dette liksom ho alt var komi.

Um den nye tidi skriv han dette:

"Ho kjem, ho kjem med all sin ungdoms eld,
som morgondagen etter myrke kveld.
Ho kjem som vaaren med sin knupp og blom
kjem etter vetren med sin daudar-dom, -
som lauv der kjem paa svarte bjørkeris,
som foss og flaum og flod kjem etter is,
som etter moder kjem den fagre møy,
som son min veks til mann naar eg maa døy."
 
[Note:]

All æra o. s. fr.: det som einast er verdt aa søkja æra i, er ærlegt stræv og eit liv som hev sanningi til rettesnor.
 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Tridje bandet. Andre upplaget. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1910. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad