Tore Holte Follestad, Ingvild Endestad
Tore Holte Follestad, Ingvild EndestadFoto: sexogsamfunn.no, foreningenfri.no

Bok og bakverk: Bygdepride

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
GRATIS

Det kan vere godt å kjenne seg att i ei bok om ein kjenner seg annleis. Under Bygdepride syner direktør Per Magnus F. Sandsmark og bibliotekar Siri Beate Gjerde fram nynorsk barne- og ungdomslitteratur med skeive hovudpersonar.

Tore Holte Follestad, assisterande leiar i Sex og samfunn og tidlegare leiar i LHL (no FRI) vil fortelje om det å vere skeiv på bygda, og korleis det var då han var ungdom i Ørsta og Volda. Etterpå vil Follestad samtale med Ingvild Endestad og stortingsrepresentant Ingvild Kjerkol om stoda for skeive på bygda, før og no.

Arrangementet er i samarbeid med Bygdepride.