Familiedag 3 februar foto bokomslag Selja forlag.jpg
Foto: bokomslag Selja Forlag

Familiedag: Klare sjølv

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Barn
150 per barn med følgje
Kjøp billettar

Formidlar Ida Aarflot Kornberg håpar å treffe mange barn og vaksne som er klare for å lage mat i Aasen-tunet denne søndagen.

– Vi har plukka ut enkle oppskrifter frå boka, og legg opp til at barna skal klare mest mogleg sjølv. Det er berre 25 plassar, så hugs å melde dykk på innan fredag 1. februar, seier Aarflot Kornberg.

Vi dekkjer til langbord i kafeen, og småkokkane får sine eigne kokkehuver. Saman kuttar vi grønsaker og tunpølse til wok og bakar ut deigen til retten ursis sveitsargodt. Til slutt lagar vi dessert. Medan maten gjer seg klar, får barna lage eigne dekorasjonar og bordkort inne i utstillinga.

Kokeboka Klare sjøl kom ut på Selja Forlag i 2002. Med om lag 100 oppskrifter som følgjer årstidene, er dette eit godt utgangspunkt for å lage mat både inne og ute. Nokre matrettar må lagast saman med vaksne, og dei yngste treng nok litt hjelp, men etter kvart vil dei klare det meste sjølv.

Høver for barn frå 6 år. Billetten inkluderer mat. Ta gjerne med eige forkle.