Øyvind Eiksund
Øyvind EiksundFoto: Privat

Ord om kor

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenStudent
150100
Kjøp billettar

Foredrag ved Øyvind Eiksund. I samarbeid med Sunnmøre kammermusikkfestival.

Korsong er eit globalt utbreidd og rikt fenomen som engasjerer svært mange på ei rekkje måtar. Med song og musikk som omdreiingspunkt er kordeltaking som oftast akkompagnert av eit vell av små og store oppgåver, forsøkt løyste av deltakarane i ein røyndom prega av meir eller mindre medvitne tradisjonar, rutinar og ritual. Men kva betyr kordeltaking for dei som vel å nytte så mykje tid og ressursar på ho? Kva trekker kormedlemmane sjølv fram som viktig i denne aktiviteten? Og er språket vårt i stand til å fange opp det sentrale i dette fenomenet? Har vi gode nok «ord om kor»? Føredraget er basert på ein omfattande studie av korfeltet slik det arta seg på søre Sunnmøre i åra 2010-11.

LITT OM ØYVIND:
Øyvind Johan Eiksund (f. 1979) arbeider på Institutt for lærarutdanning, Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap, NTNU, der han mellom anna underviser i kordireksjon. Eiksund vaks opp i Ørsta i ein korglad familie og har sidan ung alder vore aktiv kordeltakar, både som songar, solist, dirigent, arrangør og komponist. Våren 2019 disputerte han for doktorgraden med avhandlinga «Koret som spenningsfelt: mellom det små og det store» på NMH. Som doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda blei Eiksund engasjert i Sunnmøre kammermusikkfestival frå starten, og var dagleg leiar i perioden 2011-2015.