Monica Mæland
Monica MælandFoto: Torbjørn Tandberg

Valsending, folkemøte og politisk debatt mellom listetoppane i Ørsta

Når:

Bør Ørsta og Volda slå seg saman til ein kommune? Vil dei lytte til kommunalminister Monica Mæland (H) som kjem. Kva blir dei viktigaste sakene i Ørstapolitikken dei neste fire åra? Kven skal styre Volda i komande periode? NRK, Møre-Nytt og Sunnmørsposten tek debattane i Aasentunet onsdag 4. september klokka 18.15 til 18.45. Dei samarbeider med Bygderadio Vest, som inviterer til folkemøte med debatt mellom listetoppane i Ørsta.

Tilsaman 8 parti er representerte, og det vil også verte høve til å stille spørsmål til politikarane.

Møtet er gratis, og alle er hjarteleg velkomne til å delta.

NB! Det er få parkeringsplassar oppe i tunet, så dei som ikkje er funksjonshindra må rekne med å parkere på parkeringsplassen. Ver difor ute i god tid, slik at vi får ei ryddig parkering, og du slepp å spurte opp bakken!

Arr.: NRK Møre og Romsdal og Bygderadio Vest