wolfgang plagge.jpg

Wolfgang Plagge: Ein lystig kveld som gjer deg klok

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenBarnStudent
15050100
Kjøp billettar

Pianist og komponist Wolfgang Plagge spelar og fortel om musikk i skjeringspunktet mellom inn- og uttrykk. Arrangør: Sunnmøre kammermusikkfestival.

All kommunikasjon oss menneske imellom inneheld element av musikk. Tonefall, rytme og dynamikk er nødvendig for at vi skal kunne gjere oss forstått og for sjølv å kunne forstå.

Men skiftande tider, nye erkjenningar og endra livstilhøve pregar oss og historia vår ustanseleg. Musikkhistoria er difor like mykje ei forteljing om utvikling som om kommunikasjon, og forteljinga heng saman med våre eigne erkjenningar og erfaringar som menneske i tida.

 

Kan vi påverke utviklinga, eller påverkar utviklinga oss?

Treng vi «bakgrunnskunnskap» for å ha utbyte av eit musikalsk uttrykk som var sjølvsagt for folk for hundre år sidan? Vil menneska i framtida ha interesse for musikken frå tida vi lever i no?

Kva skjedde med affektlæra? Kvar vart det av dur/moll-estetikken? Visste Mozart at han var wienerklassikar?

Er musikalsk evolusjon eit evigvarande prosjekt? Finst her ein slutt på utviklinga?