Lurivar har opna sommarbiblioteket

Lurivar har opna sommarbiblioteket

Laurdag 15. juni opna sommarbiblioteket til Lurivar på Høgetua ved Aasen-tunet. I postkassa ligg dei nyaste nynorske barnebøkene.

– Det kan vere ein fin måte for dei vaksne å orientere seg om kva som er nytt i den nynorske barnebokverda, seier formidlar Marita Bett Jensen i Aasen-tunet. Borna finn heilt sikkert ei bok dei synest er spennande i utvalet til Lurivar, som har tenkt både på dei eldste og dei yngste.  

Tysdag var Hundeidvik privatskule på besøk i Aasen-tunet. Borna frå 1.-3. klasse blei først ute til å prøve naturstien, som er laga frå Aasen-tunet og opp til Høgetua. I år er det oppgåver frå dyreriket som skal løysast. Lurivar er som kjent gal etter ord, og i år har han leita fram uttrykk med dyrenamn. Borna skal finne rett dyr til rett uttrykk, til dømes «stolt som ein hane». Oppgåvene høver best for born i barnehage og småskule.

Lurivar har opna sommarbiblioteket
Hundeidvik privatskule var første gruppe på barneboktua i Språkåret 2013