Over 900 tekstar av Ivar Aasen er utgitt
Lars Osa: «Ivar Aasen i sin stue», 1895 (Kode / Ivar Aasen-tunet)

Over 900 tekstar av Ivar Aasen er utgitt

– Ivar Aasen skreiv mykje, og han visste godt kva som heldt mål til å bli trykt, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Torsdag 20. juni gav han ut «Bibliografi over Ivar Aasens publiserte skrifter» på aasentunet.no, på dagen 150 år etter at Aasen gav ut dikt- og visesamlinga Symra.

 – Forfattarskapen lever i beste velgåande. Nesten kvart år sidan 1833 har det kome ut tekstar av Aasen på norsk eller andre språk, seier Grepstad.

Ivar Aasen fekk trykt nær 100 dikt og over 100 artiklar og prosastykke, og han gav ut 39 bøker og småskrifter før han døydde i 1896. Etterpå er det utgitt nesten like mange bøker og småskrifter, mange fleire dikt og prosatekstar, og over 450 brev frå hans hand. I alt er godt over 920 tekstar utgitt, saman med 71 utgåver og opplag av bøker og småskrifter.

Han skreiv mykje, men andre skreiv meir. Det er likevel ikkje sidetalet som avgjer kor viktig ein forfattarskap er, skriv Grepstad i innleiinga til bibliografien.

Her kan du laste ned og lese heile bibliografien.


Debuterte 19 år gamal

Ivar Aasen debuterte som forfattar med to skillingsviser på dansk sommaren 1833. Då var han 19 år gamal. Få månader før han døydde hausten 1896, stod ein siste tekst på trykk.

Kring 1860 var A.O. Vinje ein litterær sjeleven for Aasen, seier Grepstad. Ein gong Vinje mangla stoff til avisa si, Dølen, sette dei to seg ned og dikta ei vise i lag.

Dei to laga også ein minigrammatikk på fire små sider med dei viktigaste bøyingsformene i nynorsk. Det vesle skriftet var vedlegg til eit nummer av Dølen, og til no har det berre vore kjent i eitt eksemplar.

– Arbeidet med bibliografien avdekte at også Ivar Aasen-tunet har dette sjeldne trykket. Vi fann det i Aasens eiga, innbundne utgåve av Dølen, fortel Grepstad.

 

Utgitt på nynorsk i Spania i 1870-åra

Ivar Aasen omsette dikt og prosa av meir enn eit dusin forfattarar. I 1873 omsette han eit utdrag frå romanen «Don Quijote» av Miguel de Cervantes. Den nynorske omsetjinga blei trykt i eit firebandsverk i Spania i 1870-åra.

Med åra er det blitt over 100 omsetjingar og gjendiktingar av Aasen-tekstar til andre språk. Alt i 1881 var «Mellom bakkar og berg» omsett til engelsk. I 2002 gjendikta Kjetil Myskja heile Symra til engelsk. – Det er eit flott arbeid og viktig i formidlinga av Ivar Aasen utanfor Norden både i og etter Språkåret 2013, seier Ottar Grepstad.

 

 

Ivar Aasens publiserte skrifter

• 71 utgåver og opplag av bøker og småskrifter

• 230 dikt og gjendiktingar

• 240 artiklar og prosastykke

• Over 450 brev

• Over 100 omsetjingar og gjendiktingar til andre språk