Tunpølse frå Åsen

Tunpølse frå Åsen

Onsdag 17. april lanserte Aasen-tunet ei eigenutvikla spekepølse, tunpølse frå Åsen. Spekepølsa har ein sydlandsk smak av mellom anna fersk chili og timian, og eignar seg godt til tapas, som pålegg og pizza.

– Ideen har vi hatt lenge, og vi er stolte av å kunne presentere det ferdige produktet i Språkåret 2013, seier kjøkenleiar Milan Ilic i Ivar Aasen-tunet. Prøveproduksjonen har blitt svært godt motteken og ein storproduksjon er planlagt ferdig til sommarsesongen. Det er Ole Ringdal AS på Hellesylt som produserer tunpølsa. – Ringdal leverer kortreiste råvarer med høg kvalitet og nyttar nynorsk i all si marknadsføring, seier Ilic.

Vi kan ikkje seie med sikkerheit at spekepølse stod på Ivar Aasen sin meny, men det er svært truleg, sidan det var eit vanleg produkt i Noreg på 1800-talet. Stabburet i Aasen-tunet er einaste bygningen frå Aasen si tid, og det er ikkje usannsynleg at det hang spekepølser til tørk under taket her.

Tunpølse frå Åsen kan du kjøpe i Aasen-tunet og til sommaren i utvalde butikkar.

Tunpølse frå Åsen