Kristiania den 13de oktober

Landet vaart hev sett seg i stor Skuld i dei seinare Aari, og maa enno laana mange Pengar til alle desse nye Jarnveger. So vert det ikkje onnor Raad, Ein lyt auka Riksinnkomurne, og det til Gagns. Paa siste Thinget lagde daa Landsstyret fram eit Kravsmaal um, at dei skulde leggja paa Tollen paa Kaffi, Sukker, Tobak, Brennevin o. m. og dertil leggja Stempelskatt paa Skuldbrev og dilike Papir. Men alt no er Tollen høgare i Norig enn nokonstad hellest, naar ein reknar ifraa ei tvo-tri Rike, og av deim tvo utanfyr Europa; dermed vilde ikkje Thinget vera med paa slik Tollauking, og vilde helder ikkje vita av denne nye Stempelskatten. So laut Thinget sjølv finna paa Raad, og sette ei Nimannsnemnd til aa granska heile Skattelogverket og koma med Fyre legg til næste Thinget um nye Skattar. 34 Thingmenn var imot detta, men det gjekk fram lel.
 
So kom Saki til Styret, som tok seg god Tid til aa grunda paa, hoss det skulde fara aat i detta Vandemaalet. Storthingsavgjerdi var fulla god; men Styresmennerne meinte, liksom sume av dei 34, at Thinget her hadde gjort meir enn det etter Grunnlogi hadde Rett til. Tilslut let dei Kongen stadfesta Thingets Raadgjerd, endaa det ikkje stend nokot i Grunnlogi um, at Slikt tarv Stadfesting – og gjeva sitt Samtykke til, at den Nemndi settest, som Thinget hadde valt. Men attaat detta fann Styret paa, at Reisepengar og Dagpengar (Diæt) til Nemningarne ikkje skulde ganga or Storthingskassa etter "Anvisning" (Paaskrift) av Præsidenten, slik som Thinget hadde fastsett, men dei skulde ganga or sjølve Rikskassa, etter "Anvisning" av Penge-Styret elder Finants-Departementet, og bokførast paa Kontoen (Rekneskapet) "Ymse Riksutgifter" og ikkje Rekneskapet "Storthingsutgifter". Alt detta skulde daa væl vera liksom fyr aa gjera godt att det, som Thinget hadde gjort galet. Og endaa-til let Styret Kongen sjølv leggja sitt Ord i Laget og innføra i Riksraadsprotokollen eit Klagemaal yver, at Thinget i denne Saki hadde teket seg til meir enn det skulde. – Det var den 6te Juni at Thinget tok Avgjerdi si, og den 8de i s. M. valde det Nemningar. Kongens Stadfesting kom den 2dre August, so Styret hadde havt god Tid til aa leggja Hovudet i Blot. Likevæl hadde det gløymt nokot. For daa Nemndi (14de Septbr.) hadde teket til aa arbeida, vart det snart Spurdag etter Pengar til Papir, Prenting og ymse Smaautgifter, og kor skulde dei koma ifraa? – Nemndi tok Pengarne or Storthingskassa, ho, slik som Thinget hadde fastsett. Men daa laut Styret ut med eit nytt "Fyredrag" i Saki, og dermed er det væl no sett Laas og Bom fyr Storthingskassa paa alle Kantar. No gjeng ikkje Nemndi til Finants-Departementet etter Pengar av Storthingskassa; men arbeidar gjerer ho likefullt og det av all Kraft.
 
Styret meinar, at det Arbeidet, som Nemndi gjere, ikkje er nokot Storthingsarbeid, og stend paa, at det ikkje finst nokot Storthing elder nokon Storthingspræsident millom Samlingarne. Men Thinget er ei fast Riksmakt, og ei slik kann væl aldri vera daud og burte utan reint i Valds-og Umstøyts-Tider. Og ein Ting er klaar som Soli: at det er Thinget, som raa'r fyre, kvat fyr eit Rekneskap elder "Konto" ei Riksutgift skal verta sett upp paa, og at Kongemakti, um ho hev Stadfestingsrett i slike. Ting, lyt taka ei Storthings-Raadgjerd slik som ho er, og ikkje gjera henne um etter sitt Hovud. Og Skattenemnd-Utgifterne kann væl likso væl vera "Storthingsutgifter" som dei Pengarne, som gjeng ut til Prenting av kongelege Framlag um Logjer og Riksrekneskap, og som alltid hev voret bokførde paa "Storthings-Rekneskapen," Hovudpost II i Riksens Hovudbok (D 2).
 
Det var væl alletider det beste, um det var Styret og ikkje Thinget, som sette slike Nemnder. Men det gjeng likevæl visst ikkje an aa negta, at Thinget k a n n gjera det. Det vilde vera faarlegt aa negta slikt. Var det daa eit Logemne, Styret ikkje likte, kunde det halda det burte so lengje det vilde. Væl kann Odelsthingsmenn fritt koma med Framlag av alle Slag. Men ei stor Sak tarv Dryfting i Fyrevegen, fyrr ho kann koma til aa Things. Skulde daa ikkje Thinget hava Rett til faa ei slik Sag dryftat av kunnuge Menn, so vart det lite Mun i den "Private Framlagsretten", allvist i dei største Saker.
 

Frå Fedraheimen 13.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum