Barbara Alexandrowna.

Ei Forteljing or det gamle russiske Huslivet.
 
(Sluten).
 
[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
"Me veit ikkje", svarad dei; "i Kyrkja saag me henne ikkje."
 
"Det trur eg væl," lagde Moeri inn; "me hev no visst ikkje lært Dykk upp til aa lata Augo sviva slik rundt allestader, og Warenka 1) plar altid halda seg langt attum oss."
 
Piroggarne vart kalde; Bordsveinarne bar inn nye; - Barbara synte seg ikkje.
 
"Kor kann ho daa ha gjort av seg?" tok Husherren sidstpaa i, han vart godtsom rædd. "Hei Folk, hev Ingen av Dykk set Frøkni i Kyrkja?"
 
Alle tagde. Berre ein liten Kokkegut hadde set, at den naadige Frøkni var gjengi, - ikkje aat Kyrkja, men ned aat Elvi.
 
Heile Huset kom aa Ende; Gamlefaer sjølv tok ein Hest og reint sprengreid ned aat Mylla; ein Fyreridar hadde han med seg.
 
Myllaren visste Greida. Han hadde set, at Barbara gjekk attum hin Haugen; der var det komet ein fin Slede, fyrebeitt med 3 Graaskimlar; Frøkni hadde sett seg uppi den, ved Sida aat ein fornem Herre, - og burte var dei.
 
"Kvi kom du ikkje og sa' meg detta!" illskreik Bojaren.
 
"Men, kjære min Faer og naadige Herre, kunde eg vita, at ho foor stad slik, so De ikkje visste um det?" motmælte Myllaren og bøygde seg mjukt. Ættherren reiv seg arg i Munnskjegget, slog med Armen i Lufti, og reid heimatt i djupe Tankar.
 
"Ho hev løpet burt med den fordømde Skarven," mumlad han. "Naa, lat ho det; ikkje skal eg laupa etter henne." – Paa Troppi møttest han med Kona si. "No, Faer min?" spurde ho, full av Ræddhug, "hev du fenget spurt nokot?" - "Alt," svarad Alexander med myrkt Mæle. "Og høyr no Kona, kvat eg segjer deg: ingen maa etter denne Dag vaaga aa nemna henne, so eg høyrer det. Fyr oss er ho daai – høyrer du – fyr oss er ho daud." – "Eg høyrer, Far min, eg høyrer," svarad den arme Moeri og stridgret.
 
Den Dagen gjorde Gamlefaer korkje aat elderdrakk, og lagde seg tidleg um Kvelden. Men Anisja Gregorowna fekk i hin Fyreridaren og let honom fortelja seg all Ting, som Myllaren hadde sagt, og det Gong etter Gong. Gamlen laag alt og sov han, bil Moer og Døter sat innanfyr læste Dører og gret og bad – fyr Warenka si Lukka.
 
Tvo Aar gjekk, Gamlefaer nemnde henne aldri, ingen annan helder, so han høyrde det. Dessmeir talad Kvinnfolket seg imillom um Warenka; - og alt tri Gonger hadde den Popen 2) som kom i Huset til dei, hatt Brev med fraa henne. Der fortalde ho, at Alt var væl; Mannen var god og snild, tvo fagre Smaaborn hadde ho, og heldt seg paa ein Gaard, som Mannen hennar aatte lenger burte. Men Gamlefaer fekk og Brev, der ho spurde, um han daa aldri vilde tilgjeva henne og lova henne faa koma heimatt. Gamlefaer korkje svarad elder nokon Ting, let endaa ikkje Huslyden sin faa vita, at han fekk slike Brev, berre sende dei attende, so fort som han fekk dei.
 
Etter slike Hende var Gamlen altid meir arg og gretten enn hellest. Likevæl hadde Anisja Gregorowna eingong sjølv set, at det smaug seg Taarer or Augo hans, endaa han freistad løyna det, og daa hadde dei Augo og voret so underleg milde. Systerne skreiv til Barbara og sende Brevi med Popen. Dei fortalde, at Moeri gav henne si Signing; men Faer var enno vond, og talad aldri um henne.
 
Det tredie Aaret kom. Barbara kjende seg glad som aldri fyrr, men laut endaa tidt tenkja tilbakars paa Faersheimen sin, og mest tok det henne, naar ho sat med dei Smaae. Feodor Petrowitsch visste seg ikkje Raad, hoss han skulde faa henne fullglad elder faa Verfaer sin til aa blidkast. Tilslut kom dei paa, dei vilde gjera ei Ferd til den Herregarden, som dei aatte der i Grannelaget aat Boguslawski, so dei imindsto kunde faa helsa paa Moeri og Systerne. Detta sette dei og i Verk, men so stilt, at mest Ingen fekk vita det. Lutbrukaren og Starosten paa Herregarden visste, ikkje Ord av, fyrr dei hadde Herskapet paa Garden, og alle fekk Paalegg um aa ikkje fortelja det til Nokon, at dei var komne. Dei tok ikkje helder Bustad paa sjølve Slottet, men i ein Sidefløy, der Lutbrukaren budde. Strakst sende dei Bod paa Popen og samraadde seg lengje med honom. Men daa det leid til Avdags Bil, gjekk Feodor Petrowitsch og Barbara Alexandrowna til Fots gjenom Skogen til Hagen aat Boguslawski, der Gamlemor, og Systerne alt bidde paa dei med Bilæte av Frelsaren og Helsargaava "Braud og Salt" i Hondi. Snaudt fekk Dotteri Augat paa Moer si, so kastad ho seg fyr Føterne hennar, Mannen med; men Gamlemoer gret og lyfte dei upp att, og heldt dei lengje umslungne med sine gamle skjelvande Armar.
"Matuschka, Matuschka 3)", bad Dotteri; "tilgjev meg, og tilgjev honom! – Gud vere Lov og Takk at eg daa endeleg fekk sjaa Dykk att!"
 
"Aa du mitt Hjartans Barn!" stakkrad Gamlemoer henne, "skal du daa maatta ganga her som ei framand Menneskja, og stela deg til aa sjaa att Heimen din! – Vondt hev eg av deg, Dotter mi, so vondt, at eg aldri kann det segja."  
 
Paa nytt Lag umarmad ho Dotter si, paa nytt Lag gret ho. Systerne med, og kysste den Atterfundne. "Graat ikkje, Warenka," bad dei; "no er me hjaa deg alle. Kven veit, um me ikkje kunde blidka Faer vaar, naar me lagde oss aat honom alle i Lag!" –
 
"Hjelp oss, Moer, hjelp oss, Gjentur!" sagde Feodor og bøygde seg, "ver med oss um aa faa Gamlefaer god! Endaa kunde det heppa, at Kona mi vart fullglad i denne Verdi."
 
"Aa betre oss, Faer min," sagde Gamlemoer, "Alexander Dmitriewitsch er ein hard Mann, og eg veit litet, hoss eg skal koma aat med honom." - "No, so fær Son vaar beda fyr oss," sagde Feodor Petrowitsch med ein saar Smil. "Tilslut gjev væl Farfaer seg daa, og støyter ikkje Dotterson sin ifraa seg."
 
"Det var ein Tanke!" – ropte Gamlemoer og slog Henderne ihop av Gleda, "den fekk De fraa Himmelen! – Send Veslegut! . . . Alexander Dmitriewitsch likar Smaaborn, og vil ikkje vera vond paa Dottersonen sin held. Send Guten, og Gud signe Verket. Barnet kann væl tala?"
 
"Aa ja!" svarad Dotteri. "Alting kann han segja. Du kann aldri tru, kor klok han er!"
 
"Naa, kom so hit med honom so ved Middagsleite ein Dag. Eg skal senda Dykk Bod, naar me set oss aat Bordet, og so kann De vaagalaust koma, og smjuga inn Bakvegen og inn i mitt Soverom. Men den Vesle let de trast koma inn til oss."
 
Dei samraadde seg lengje um detta Maalemnet og kvar serskild Ting, som dertil høyrde. Endeleg vart det avgjort, at dei skulde vaaga ein Freistnad alt Dagen etter. Dermed skildest dei, etter mange Umarmingar, og Anisja Gregorowna og dei tvo Døterne snudde heim, og det unge Hjonet likaeins. Burt i Skogen møtte dei ei Vogn, slik som Feodor hadde sagt fyre, og gjekk upp i den.
 
"Kor bleik du er vorti, Kona mi, og kor kald du er paa dine fagre Hender!" sagde Mannen, full av kjærleg Umsut. – "Eg er so rædd, at Faer ikkje vil tilgjeva oss," svarad den unge Kona. – "No, um so var -? Tilgjev han oss ikkje – so lyt me liva honom fyrutan." – "Nei, tala ikkje so, Feodor Petrowitsch," sagde Barbara, reint kvekkt. "Utan Faer fins Signing kann ingen liva i Fred ... og daa flyr Lukka ifraa baade oss og Borni vaare."
 
- "Men – det maa eg spyrja – kvifyr skulde den gode Herre Gud vera vreid paa oss?" lagde Mannen imot, for aa trøysta henne. "Me gjer Ingen nokot Vondt, og i Kyrkja gjeng me, og gjev store Olmosur au." – "Og endaa æra me ikkje Foreldri vaare," var det sutfulle Svaret. – "Kor du snakkar. Me vilde daa so gjerna æra dei; men kven hev Skuldi fyre, at det ikkje vert gjort?" - "Kjære, kjære, rød ikkje so," tok Barbara frami; "det er ikkje rett aa døma slik yver gamle Folk, og slike Rødur gjere meg altid rædd."
 
- "Aa du blidaste Duva, du min fagre Steppeblomen!" sagde Feodor kjælande. "Sjaa, fyrskuld ditt milde og lydsame Lynde er det nett at eg held so av deg; - men du synest mest ikkje lenger aa bry deg um meg, med di du gret slik, og berre tenkjer paa Faer din. Eg ser væl, at du er meir kjær i Faer og Moer enn i meg." – "Nei, kjære, dyre min Ven!" motmælte Barbara, og tok og kysste Hondi hans, "nei, du er meg kjær meir enn baade Faer og Moer, ja meir enn heile Guds fagre Verd . . . men vita, at Faer min er vond paa meg, det herder eg ikkje." – Feodor Petrowitsch umarmad henne, det var det einaste og beste Svaret, han kunde gjeva.
 
Dagen etter paa vanleg Tid sette Alexander Dmitriewitsch seg med Huslyden sin aat Bordet. Anisja Gregorowna auste upp Supa og gav rundt; ein Tallerk, full med Bortsch 4), som det flaut ein feit Skinkebite uppi, gav ho til Mannen sin.
 
"Nei sjaa! Spassibo! 5)" sagde Gamlefaer, og smattad og smaalog. "Det er min Mat! Mange Takk." – "Inkje aa takka fyre," meinte Gamla.
 
Daa Supa var uppetet, sette Bordsveinen fram ein heilsteikt Grisunge, kald og tilferd med tjukk Rjome-Duppa.
 
"Men, kjære Anisja Gregorowna," tok Gamlen i, "eg meiner du vil reint skjemma meg ut med all denne Fysnematen! – Spassibo!" – "Inkje aa takka fyre," sagde Gamla stilt.
 
Daa Grisungen var ferdug, kom eit Fat med Kjøtposteier, yverhellte med brædt Smør, so dei berre stein. "Hoss ber detta til?" ropte Alexander Dmitriewitsch i stor Fagnad, han kom reint i Godlag. "Detta lyt tyda eitkvart! Naa, Takk skal du ha, Mor; i alle mine Dagar hev eg ikkje fenget tri slike Høgtidsrettar etter einannan i eit Maal."
 
"Inkje aa takka fyre," sagde Anisja Gregorowna endaa ein Gong, og kunde ikkje berga seg fyr aa hosta litegrand.
 
Men den Gamle aat, og var reint smørblid.
 
Daa, i same Stundi, kom det ein fager liten Gut hoppande inn; han var ljoshærd og frisk, saag seg ikring med barneglade Augo, og slog so dei vesle Armarne sine um Gamlefaers Kne, og smilte.
 
"Kvat er detta? Kor kjem han ifraa?" spurde Gamlen handfallen og med dirrande Mæle.
 
"Tilgjev Faer min, tilgjev Moer mi!" sagde den Vesle med klaar Røyst, og laag paa Kne fyr Gamlen. Anisja Gregorowna og Døterne hennar reis upp og kom burtaat, med bedande Aasyn og Graat i Augo.
 
"Kvat er de vil? Kor heng detta ihop?" spurde Ættherren uppatt; han var full av Undring og Uro. Med det same kom Barbara og Feodor Petrowitsch inn, og daa han saag dei, ropte han liksom hotande: "Kvat hev de her aa gjera? Paa Døri med Dykk!"
 
"Faer min, Faer min!" jamrad Barbara Alexandrowna og tok til aa fjaka. Veslegut gret og strekkte Henderne sine liksom i Bøn ut etter den Gamle. Den harde Borken kring Hjartat aat Gamlefaer tok liksom til aa losna. Han tog Dottersonen i Hondi og drog det ljose lokkutte Hovudet inn aat si Kjempe Bringa.
 
"Bestefaer," stamad den Vesle, "tilgjev Papa, tilgjev Mama!"
 
"Aa du mitt skuldlause vesle Lamb!" kviskrad Alexander Dmitriewitsch mest uhøyrande, og tok Guten mildt i Fang. Den staalharde Mannen gret som eit Barn.
 
Feodor Petrowitsch førde Barbara fram, og baade tvo bøygde dei seg aat Jordi fyr den kjære Gamle. Likaeins gjorde Anisja Gregorowna.
 
"Faer min," bad ho, "tilgjev dei, meg gamle Kona og denne vesle Guten til Gleda!"
 
"Bestefaer, Bestefaer, tilgjev Mama," gret Guten og smøygde seg tett innaat Moer si.
 
- "Du hev mykt meg, du Englesjæl!" tok no den strenge Gamlingen frami med Høgtidslegt Mæle. "Statt upp, Born, Feodor, Barbara, statt upp!" Og han lagde til: "kom hit med Guten din endaa ein Gong, Waritschka."
 
Barbara flaug inn mot Faer sin, umarmad det kvite Hovudet, og gret av Sorg og av Gleda.
 
"Naa, graat ikkje, Waritschka, no, daa alt er væl," trøstad Gamlen henne, han var sjølv innmot Graaten.
 
Og snart slutad Taarerne aa renna, ein sæl Smil lyste upp den fagre Aasyni hennar, og med elskmilde Augo saag ho, fyrst nedpaa Sonen sin, jo upp aa Faer sin.
 
Gamlen vart snart gode Vener med Feodor Petrowitsch au. "Eg ser, du er ein bra Gut, som held Kona di i Æra," sagde han; "Takk skal du hava fyr det." Og han bøygde seg djupt fyr Maagen sin, tok honom so kjærlegt i Famn. – Det kunde aldri hava voret meir hjarteleg Semja og Soning. –
 
Sama Kvelden samlad Alexander Dmitriewitsch alle sine Folk og heldt som eit Heimkomarøl fyr det unge Hjonet. Gamlen var so upp i Veeret og i slikt Lag, som dei aldri hadde seet honom. For i Armen sin, der bar han ei Byrd, som gjorde honom sæl: fyrste Dottersonen sin.
 
Dei tvo yngste Døterne vart au gifte, eit Aars Tid etter. Men so er sagt, at Gamlefaer av sine tri Maagar altid gjorde mest av Feodor Petrowitsch.
 
 
1) Kjælenamn fyr Barbara.
2) Pope: russisk Prest.
3) "Kjære mi Moer!"
4) Russisk "Borschtsch": upphakkad kvite elder raude Næpur (Roer), kokte i sur Rjome.
5) Eg takkar.
 

Frå Fedraheimen 17.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum