Kristiania den 17de November.

Kristiania, den 17de November.
 
Dei stridast fælt no um Dagarne um nokot dei kallar "Politik i Skulen." "Verdens Gang" og andre Fridoms-Blad vil, at Kunnskap um Riksog Kommuneskipnad i Landet skal inn paa Folkeskulen som eit serskilt Fag med sine Visse Timar i Vika. Men Morgenbladsfolket likar ikkje detta, daa dei trur, det vil gjera Barneskulen til "politisk Klub". – Elder skal tru dei er rædde sjølve den politiske Upplysningi? –
 
Du veit, at det Skulen hev aa gjera, liksom all sann Folkefostring, er aa gjera Folk til gode Kristne og gode Borgarar. Baade desse tvo Ting maa til. Ingen er heil Mann, som ikkje kann gjera det han skal i Samfundslivet, attaat han syrgjer fyr seg sjølv. Me er, som du veit, eit "fritt Folk." Men vera eit fritt Folk er aa kunna styra seg sjølv paa ein vitug og folkeleg Maate. Det kann ikkje Folket, naar det ikkje veit Greida paa Landsens Stell. Dei kunde gjera Logerne vaare so "frie" dei vilde, det dugde til ingen Ting, naar Folk ikkje var so kloke og upplyste, at dei visste, korleids dei skulde fara aat med aa styra seg sjølv, elder korleids dei skulde bruka den Fridomen, som dei aatte paa Papiret.
 
Det segjer seg daa til sjølv, at ein Folkeskule, som vil duga nokot, maa gjeva Lærlingom sine slik ei "borgarleg" Upplysning. Gjere han ikkje det, so gjere han ikkje alt det han skal, etter det me sagde her ovanfyre. Difyre er det og, at Folkehøgskulen hev teket med "Kunnskap i Grunnlogi" millom sine Lærefag.
 
Det som det spyrst um, er aa faa Tid til denne nye Kunnskapen i Folkeskulen. Detta er ikkje so beint, for Skulen hev nok aa gjera fyrr. Ein maatte spara paa sume andre Ting. Og aa faa spart inn ein Time elder tvo i Vika, til ein so vigtug Kunnskap, det laut væl vera gjeronde au, naar Ein visste aa stila seg.
 
"Verdens Gang" meiner paa, at Ein kunde taka eit Par av Trudomstimarne. No veit me fulla væl, at Kristendom vert det seint formyket av, naar han er god og vert rett teken. Men dersom Ein i Skulen foor rett aat med Kristendomslæringi, so kunde Ein kannhenda gjera meir paa ein Time, enn Ein no jamt gjere paa tvo, og daa vart det altid Raad til aa minka litegrand paa Timetalet.
 
Um detta er det mangt og segja; me skal spara det til sidan. Ein av dei Ting, som fyrst maa upp, er Kravet um eit skikkelegt Maal i Landsskulen, so den dyre Tidi ikkje gjeng burt i Vas fyr den Skuld. Det lyt snart vera Tid til aa tenkja aalvorsmat paa den Saki no.
 

Frå Fedraheimen 17.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum