Notisar.

Falske Krunestykkje skal ferdast her i Byen um Dagen.
 
Mord i Romsdalen. Ein gamal Hestehandlar fraa Sundmøre, som heite Borre Grønningsæter, er vorten reint burte paa Kaupstemna paa Veblungsnes, so dei trur, at han maa vera drepen. Han hadde selt nokre Hestar og so skulde han ganga ei Ærind ein Fjordungsveg derifraa. Sidan hev dei ikkje set honom. Ei Kjering høyrde nokon ropad, men ho tord ikkje ganga innaat, taa di ho trudde det var fulle Folk. Dei hev gjort Manngard etter honom, men det var faafengt. Samstundes heldt det eit Fantefylgje til i ein Skog der, som Karen skulde ganga gjenom, og dei tvilar stygt fyr, at ein taa deim hev gjort Ugjerningi, so mykjet meir som han sidan hev faret og bodet fram Sundmørsklæde. Han vart sett fast paa Fron. Men sidan hev han provat, at han ikkje var paa Veblungsnes den Kvelden Grønningsæter vart burte, likeins er det godkjennt, at det ikkje var Klædi til den burtkomne han hadde havt. Folk trur no, at Grønningsæter hev gjenget seg ut i Vatnet.
 
Norske Tonar. Etter som det segjest, skal Ludv. M. Lindeman ved Nyaarsleite gjeva ut nokot nær 90 Folketonar til Peder Dass paa Warmuths Forlag. Sidan skal han halda fram med aa gjeva ut sine "Norske Fjeldmelodier".
 
Minnestytta fyr Holberg. I Bergen tenkjer dei no paa aa reisa ei Stytta for Ludvig Holberg.
 
Det norske Bibelselskab heldt Aarsfest Helgamessaftan. Det hev i alt sidan 1816 sendt ut yver 350,000 Biblar, og Nytestament, og i 1876 5349 Biblar og 4206 Nytestament. Men daa det maa selja Bøkerne ringare, en dei kostar det, fyr aa tevla med det britiske Bibelsamlag, so er det komet i Skuld. Fyr no aa sleppa aa setja upp Prisarne, bed det um Tilstudnad helst som visse aarlege Tillag. Ei ny Umsetjing av det gamle Testamentes historiske Bøker skal det snart gjeva ut. Professor Dietrichson, som skal gjeva eit Utkast til ny Umsetjing av det nye Testamente, er no komen til Apostlernes Gjerningar.
 

Frå Fedraheimen 17.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum