Utlandet.

Danmark. Styraren for "Morgenbladet" er dømd til Fengsel paa 4 Maanad for Haadingsord mot Fyremannen for Riksraadet, Estrup. – Den politiske Røra hev no stillnat, sidan Tinget samdest um den millomtidige Finanslogi, som skal gjelda ut dette Aaret; men kvat som daa fyrestend, er enno vandt aa vita.
 
Frankrike. Det hev teket til aa livna i Tinget. Den 12te November vart det i Folketinget gjort 2 Framlag: eit gjekk ut paa aa gjeva Fyremannen (Ordstyraren) betre Tak til aa hindra Ustyr i Ordskiftet, - det vart vedteket med 303 Røyster mot 39; eit annat eit, av Vinstremannen Albert Grévy (Fyremannen heiter Jules Grévy), vilde hava, at det skal nøgje forfarast, um det er faret med Misbruk ved Vali. Styret stridde imot det, og vilde hava det til det, at Folketinget gjekk utum Retten sin, so som han er avstakad i Grunnlogi, soframt det tok ei slik Avgjerd. Den 15de vart Forslaget vedteket med 326 Røyster mot 203.
 
Tyskland. I det prøysiske Landstinget hev Ordkastet no sistpaa gjenget mest um Finans-Spursmaal; iser hev det voret Riving um det gamle Stridsemne "Dispositionsfondet," det er dei Pengar, Styret hev aa raada yver til løynlege Formaal; sume klagad yver Misbruk, men Fondet vart tillatet (bevilget) med stor Yvervegt.
 
England. Fyremannen for det engelske Riksraadet, Lord Beaconsfield (Disraeli), heldt ein Tale den 9de November, som gjekk mesto ut paa aa syna, at England og den engelske Riksstjorni, med di at dei hev haldet seg utanfyre Turkekrigen, hev gjenget nett den Vegen, som best var baade for Turkiet og England. Turkiet hev fenget Tak til aa visa ei Kraft, som gjev det Rett til Sjølvstøda, og paa den andre Sida er Rysslands Krigsæra urøyvd. Han meiner, at baade Partarne kann vera nøgde, og det so myket meir som Ryssekjeisaren hev sagt, at han berre vilde faa betrat Vilkori aat dei Kristne, som lyder under Turkiet, og at han ikkje tenkte paa nokor Landvinning; og Sultaten hev lovat Umbøter. Freden kann soleids ikkje vera langt undan.
 
Krigen. Etter Bardagen ved Deve-Bojun, som var nemnd i fyrre Bladet, gjorde Ryssarne den 9de November Paagang paa nokre Festningsverk nær ved Erzerum. Ryssarne tok fyrst Verki, drap Garnisonen og tok nokre Hundrad med Fangar, men laut taka undan, daa ei større turkisk Hermagt næmad seg; dei fekk Fangarne med seg, likevel. – I Plevna tek det til aa verta matlaust.
 
- I Konstantinopel hev det voret Uppstyr, med Freistnad paa aa tyna den megtuge Mahmud Damad (Maag aat Sultanen). Den avsette Sultan Murad hev fenget Skuldi. Det er enno ikkje mogelegt aa faa full Greida paa Samanhenget.
 

Frå Fedraheimen 17.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum