Ymse Dyr, som ero til Gagn eller Mein fyre Landmannen.

(Røda haldi af Stipendiat R. Collett ved Landmannmødet den 5te Oktober).
 
(Sluten.)
 
[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
Det store Gagn av Svalor, Erlor og myketannat Smaafugl er so aalkunnigt og umrødt, at det heve vordet til ei fast Tru hjaa Landmannen, og denne lyt han halda ved, med di at det ikkje lett vil koma nokon i Hug aa tyna desse dei finaste og tekkaste av vaare Smaafuglar. Men naar alt kjem ihop, so finna me, at dei Skordyri, som desse Fuglarne liva av, mest berre era sovorne, som me era lika sæle um. Svalorna gløypa store Mukkor med My, Flugor og annat Fly, som ikkje i nokon merkjeleg Mun era oss til Gagn eller Mein, anten dei er til eller ikkje. Paa same Maaten heve det seg med eit stort Tal av Songfuglar. Dei meinsame Makkar eller Fivrelde-Aamor, som herja Tre og Kjørr, røra dei sjeldan ved, og det Gagn, som dei i Røyndi gjera, heve vordet myket ofsat eller sett for høgt. Dei meinsame Skordyr-Skapnadar era jamnast av Naturi livde fyre Ettersøkjing av Fuglom, idi dei anten era so digre, at Fuglarne ikkje evla aa raada med deim, eller og livadei so løynlegt eit Liv, at det er vandt fyre Fuglom aa naa deim, eller dei hava seg fram berre um Natti, daa berre ymise Spendyr og Fuglar kunna finna deim.
Det er ikkje av Fuglom me skula venta Bergingi, men Naturi raader fyre andre Magter, som ho sender oss til Hjelpesmenner, der me minnst vona. Naar me sjaa Trei yversaadde med Aamor, so dei mest standa avsnøydde, daa koma desse vaare Viner til, og naar slike Makke Herjingar hava vart tvau try Aar, kverva Aamorna burt av seg sjølve paa ein forbisneleg Maate.  Detta heve si Orsak i ein Tilgang, som ofta kjem fram i Naturi, men det kjem oss sjeldan i Hug aa gaa etter di. Aamorna hava sine verste Uviner millom sine eigne; av Smaakvefsarne finnst det ein heil Hop, som atter skiler seg i tusund Avdeilder, og dei liva berre paa Kostnaden aat andre livande Skapnadar. Naar Fivrelde-Aamorna herja som verst, koma Smaakvefsarne fram i so uhorvelege Mukkor, at me ikkje kunna gjera oss nokon Skilning um, men dei era so ørende smaae, at det ofta er vandt aa faa Auga paa deim. Umerkjelige veitta dei – eller leggja Egg – paa Skinnet aat Aama, og ho kann soleides faa 1, 10 eller 20 slike Smaaegg, som kleima seg fast til Skinnet. Etter faae Dagar kryper Snikjekvefs-Aama ut or det ørlitle Egget, borer seg gjenom Skinnet paa Fivrelde-Aama og liver no av dei Safter, som skulde næra denne Husverten sin til aa kalla. Naar Hausten kjem, er Livsmagti hjaa denne fulla uppgjengi, og ingen av desse Aamorna orka aa gjera seg Innsveiping; men Snikjekvefsarne hava livt gildt og flust, og koma no fram som fullkomne Skordyr. Dei liva no berre til aa økslast og leggja sitt Veitt paa same Maaten, som Moderdyret heve gjort, og so stort er Tallet paa desse vaare Viner, at naar Aaret er ute, er det ingen fleire Aamor aa finna, der dei fyrr funnest i Milliontal. Her ligg Hjelpi, og ho verd aldri ute. Difyre kunna slike Aame-Herjingar aldri vara ut yver ei vis Tid i Senn; Aamorna vilja kverva burt ved Medverknad av andre Dyrskapnader, som liva paa deira Kostnad.
 
Eg nemnde, at ymise av dei meinsamaste Fivrelde-Aamorna til ein stor Lut draga seg undan fyre Ettersøkjing av dei Skordyr-etande Fuglarne; detta heve ogso ofta si Orsak i di, at dei era sette med lodet Hy eller Bustar, som me kunna sjaa paa mange Skapnadar, som kreka umkring Haust og Vaar, og til desse høyrer nokot av det versta Tjonet. Desse lodne Aamorna era myket ufyselige fyre alle Smaafuglar og Skordyretarar so nær som Gauken; han kjem seg til aa gløypa deim, men detta gjere han ikkje, som paastadet, av nokon stor Hug eller av di at dei skulde vera hans rette Føda, men han tek deim i Røyndi berre av Naud, naar han ikkje finn annat fyre. At desse Aamorna era faanyttuge til Føda fyre Fuglom, kjem seg av di, at dei nemnde Bustarne era kvasse og støkkne som Glastraadar; tek ein ei sovori Aama i Haandi, so brotna dei og festast i Skinnet paa oss, og der valda dei Brenning med Klaade og Sviding. Kvar Fugl, som gløyper Aama, vil faa desse smaa Bustebroddarne sitjande faste i Velendet eller i Tarmarne. Difyre er ogso Gaukemagen loden innsides av desse Bustarne, som sitja skipade i Rader etter Rørsla av Segarne i Magen. Elles liver Gauken av ymise andre Skordyr og Aamor, og han gjere i heilo myket Gagn so me altid ljota spara honom.
 
Spettorna gjera stort Gagn i di at naar dei kliva upp etter Trebularne, so plokka dei av mange meinsame Aamor av Trebukkar og andre Skordyr, som liva paa Borken, og eta upp Bastlaget under og til Deils Veden i Treet. Men elles leggja Skordyri sjeldan sitt Veitt i Treet, naar ikkje detta alt heve teket til aa sjukna, og naar me vilja vera ærlege, so maa me kjennast ved, at dei større Spettorna næra seg mest berre av Mauren, og han kann ein korkje rekna til dei gagnlege eller til dei meinsame Dyrslag i Hushaldet aat Naturi.
 
Det heve ikkje voret mi Ætling i denne stutte Timen aa visa Gagn eller Mein som me hava av dei Skapnadar, som i denne Greini merka seg mestfram og era aalmennt kjende, men eg heve berre viljat røra ved einskilde Dyrslag, som hava fenget ymist Umdøme fyre si Framferd. Jamnast era do alle samde um, at me byrja spara alle Krjupdyr og Paddor og Froskar, so nær som Hoggormen. Froskar og Paddor liggja etter Sniglar all si Tid og etter Aamor og Jordmakk. Den sidstnemnde kunna me likavel ikkje kalla eit meinsamt Dyr; tvertum er han oss til myket større Bate enn mange tru. Jordmakken liver som me vita, av Luter av Vokstrar, som rotna. I Vaatveer um Sumarkeldarne sjaa me, kor dei skjota Framluten av Likamen upp or Jordi og krøkja seg umkring Blad og smaae Trebitar og andre Voksterluter, som era i Rotning, og detta draga dei ned i Holet sitt, so at det tepper som ein Tapp. Detta gjera dei til at det skal rotna der, for det er berre naar det er sovoret, at det verd tenlegt til Føda fyre deim; det verd gløypt saman med Mold og melt og sidan utkastat som Myk, so at me sjaa det liggja paa Jordi som smaae rundvorne Haugar. Desse smaae Haugarne hava i seg ikkje so litet Tad eller Hevd, og me ljota til Vissa kjennast ved, at Jordmakken er ein av vaare betste Vener, endaa han er litet mætt. Detta fær so myket større Vigt ved det, at dei jamt finnast i overslege stor Mengd. Og heller ikkje er Jordmakken faanyttug ved det, at han gjere Jordi lausmyldt under Voksterrotom og soleides gjere henne betre lagad fyre Saaing og Setjing.
 
Den store Hopen av Skordyr skal eg ikkje stadna ved, for det finnst mange Skrifter, som hava til Hovud-Fyremaal aa visa Gagn og Skade som desse Skapnadar gjera i Naturi. Eg skal berre halda fram eit Drag, som visar, kor ein Dyrskapnad kann vera oss til Gagn, der me snaudt vara det, endaa detta vel ikkje lenger er nytt fyre dei fleste upplyste Landmenner. Det er vanlege kunnigt fyre flestalle, at Fræet paa Smæren eller Raudkollen mognar betst paa Stader, som det finnst fraudig Vokster av ymise andre Blomar, og der som Flyet sviver og kryr i størst Mengd. Orsaki til detta er, at den Fræving, som maa til, um Vokstren skal bera Fræ, skjer mest berre ved Hjelp av ymise Skordyr. Det finnst mange Vokstrar, som slett ikkje kunna fræva seg sjølve, men som faa Hjelp til detta av Flyet; med di detta sting Snavlen eller Sugerøyri ned i Raudkollblomen til aa suge Safti eller Hunangen, so kann det ikkje annat enn koma til aa røra ved Mjølet, som siter paa Mjøltraadarne, dermed kjem Mjølet paa Frævisaren, og Frævingi gjeng daa fyre seg. Paa Raudkollblomen era Blombladi ihopvaksne til ei lang Røyr, og naar ein riv denne upp, kan ein sjaa, at Mjøltraadarne og Frævisaren ero skipade soleides, at det er vandt, at Fræving kann gjerast, um det ikkje kjem ei Magt utantil, og denne Hjelpi kjem daa ifraa Blomflyet, Humlor og Biflugor. Det er eit munarlegt Gagn, som desse Dyri soleides gjera, og det er ikkje faae vigtuge Vokstrar, som berre kunna frævast ved Innverknad af desse Skordyri.
 
Tilsidst skal eg med nokre Ord nemna eit Skordyr, som heve vordet eit av dei mest vidgjetne i vaar Tid. Coloradobillen er eit Dyr, som, underlege nog, heve voret helder litet kjendt fyrr i dei sidste Tider. Det var fyrst i 1823, at det vard kjendt av dei Naturkunnige og fekk sitt vitskaplege Namn. Den Tid vard det funnet paa ein Vokster, som høyrer til same Kyndi som vaar Jordeple-Vokster (Solanum), og det ytarst i det vestre Amerika. Men ettersom Uppodlingi gjekk fram, spreidde Dyret seg lenger og lenger austpaa; dei gjorde upp Rekningar um, naar det skulde naa Austsida aat Amerika; men ingi Rekning stod seg, for det kom lenge fyrr. Paa Austsida av den Fjellgarden, som heiter Rocky Mountains, fann Dyret rikleg Føda i Potetaakrarne, det kastade seg paa desse, og gjorde det uhorvelege Tjonet, som so ofta heve voret umrødt.
 
Det finnst hjaa oss ymise Skapnadar, som standa nær detta merkjelege Skordyret, og det er dei so kallade Gullsmidar (Chrysomeler). Kvar og ein heve gaatt, at det paa Or og Silja og Vierkjørr ofta finnst store Yrjor av gullglimande Biller med rundkvelvde Vengjeskal, og ein kann kjennalangt burte den sereigne Teven, som stend or deim, naar dei eta paa Lauvi ihop med Aamorna sine. Denne Hopen inneheld mange Avdeilder hjaa oss og høyrer til det verste Tjon fyre Lauv og Blad. Det er berre myket faae Fuglar, som vilja taka deim, fyre den strenge Teven si Skuld og eit sereiget skarpt To, som dei hava i seg. I Skapnad likjest Koloradobillen nokot den aalmenne Marihøna, men han er større og meir avlang. Dei økslast overslegesnøggt, og setja try Avkjøme i Verdi kvar Sumar. Det sidste Avkjømet verd daa ikkje til fullkomne Skordyr sama Aaret, men sveiper seg inn og ligg i Jordi Vetteren yver. Um Vaaren kreka dei fram som fullkomne Skordyr, so snart Jordepli taka til aa gro, og dei tyna ofte desse til Fullnad. Dei hava vistnog mange Fiendar; i ein turr Sumar kunna uhorvelege Mengder tynast ved det at dei innsveipte Aamorna, medan dei liggja i Jordi og umskapast, torna ihel av Vant paa Raame. Difyre kann det ogso i turre Sumrar ofta vera nog aa rista Eplegraset, so at Aamorna detta ned paa Marki, for dei era so tunge og uskaplege, at dei ikkje kunna naa uppatter, og difyre tynast dei paa den varme Moldi. Det heve voret umtvilt, um Coloradobillen kunde venjast til Veerlaget (acclimatiseres) i Nordeuropa, og me hava set ei Skrift fraa Sverike, som freistar aa visa, at detta ikkje heve nokot Likende.
Eg heve aldri trutt annat, enn at detta kann verda, og det er ingen likleg Grunn til aa tru det motsette. Dei finnast i Amerika nokot nær paa same nordlege Breiddi og under same Veerlag som i Noreg, og dei kunna faa same Føda av Vokstrar her som der burte. Det er difyre sjølvsagt at Landmannen lyt vera paa Vakt til aa taka mot deim og iminsto freista aa halda deim undan, so lenge han orkar, for etter Røynslor fraa fyrre Sumrar er det ikkje likt til, at Europa skulde sleppa fyre aa faa deim spreidde utyver Landi. Dei kunna herda aa sigla yver det Atlantiske Havet, og liggja nokre Vikor i ei Øskja utan Føda og endaa vera livande, og av di at dei liggja i Jordi um Vetteren, so kunna dei snøggt verda yverflutte med Mold, som henger ved Jordepli fraa ein Stad til annan. Kor det heve gjenget til, at dei so braadt era komne fram midt i Tydskland er ikkje lett aa upplysa, men vonlege heve det gjenget til soleides, at dei era innførde med Jordepli og med Avfall av deim. Do ljota me trøysta oss med, at alle slike Landtjon jamnast hava si fyresette Tid til aa fara fram med størst Magt i. Det syner seg altid einkvar Fiende, som setter Skilvangar fyre Tjonet, naar det heve herjat ei Tid. Coloradobillen heve ymise Fiendar, soleides eit Slags Fluga, som legger sitt Veitt paa Skinnet hans, likasom Snikjekvefsen paa Fivrelde-Aamorna, og det finnst ymise Skordyr, som liva av Aamorna til Coloradobillen. Skulde daa Tjonet koma, faa me vona, at det heve si Tid som alt annat. Det er soleides rett merkjelegt, um det er visst, det som heve voret paastadet, at Coloradobillen no mest er kvorven burt fraa vestre Luten av Amerika, der han fyrst byrjade si Utferd.
 

Frå Fedraheimen 17.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum