Skjeberg (Smaaleni). Brev.

Skjeberg (Smaaleni). (Brev).
 
- - Her paa vaare Kantar er ikkje Maalsaki vidare framme; det er berre Ein og Annan, som hev Tankar um slike Ting. Folkemaalet her er daa helder ikkje nokot hævt. Det er ei grysseleg Smyrja av Norsk, Dansk og Svensk ihop, og stygt er det som alle slike Blandingsmaal.
 
- Snjoen synte seg tidleg i Aar; men strakst etter vart det Regnveer, og det so usturteleg, at baade Veger og Tun ligg i ei Demma. Men detta milde Veeret hev voret godt fyr Haustpløgjingi likevæl.
 
Aarsgrøda slog ikkje so galet til endaa, og kom væl i Hus. Frukt vart her au nokot av; men ho vart ikkje braadt mogen allstad.
 
Jarnvegen aat Sverike, som skjer seg endelangs gjenom Skjeberg, skal verta fullferdug til næste Haust, vert det sagt. Eg bur ikkje langt ifraa den namngjetne Sarpsfossen; yver den er det, som De veit, slik ei gild og drusteleg Kjørebru. No kjem det ei Jarnvegsbru, som gjeng fleire Alner høgt yver denne att! Ja, "Kunsten stig." Det er reint merkjelegt aa sjaa, korleids dei no grev seg fram gjenom Fjell og Berg og sett upp Bivrøstbogar yver Dalar og Avgrunnar, der Folk fyr laag og krabbad og kraup liksom Gjeiter.
 
Me hev eit nokot Bil aatt ei Leiving av ei gomol Boksamling her i Bygdi; no skal den nyast upp att, og det kann daa vera ei Von til, at Bygdarfolket kann faa baade Gagn og Hyggje av henne, soframt daa dei Menn, som skal styra med desse Ting, kann greida dei ifraa seg paa ein god Maate. Det er spaadd, at vaare likaste Diktarar skal verta utestengde av Bokhyllurne, og skulde det vera sannt, so fær Ein ikkje dei beste Voner.
 
Det stod nyleg her i Bladet, at Folkehøgskulelærar Sørensen skulde halda Skule hjaa oss no eit Bil utyver. Detta er ei Mistyding av ei Segjande-Segn um, at Hr. Sørensen er meint paa aa taka aat med ein Gjenteskule her til Vaaren, og so Vetteren etter, um Raad var, halda fram med ein Skule fyr Gutar. Eg held meg stød paa, at Hr. Sørensen vil vera vælkomen, naar han kjem, og at Skulen hans vil faa god Fagning av Fleire. - 4 Kveldskular er i Gang her, i Aar liksom fyrr, og hev god Søknad.
 
- n – n.
 

Frå Fedraheimen 08.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum