Notisar

H. G. C. Meldahl, fyrr Riksraad, sidan (fraa 1874) Justitiarius (Domar) i Hægsteretten, døydde Notti til Joledagen.
 
Lindemanns Koralbok er – med sume Smaabrigde og Tillegg – authorisert til Bruk ved Landsens Kyrkjur.
 
Chr. Tønsberg, som er kjend av aa ha gjevet ut mange fagre nationale Bilætverk, gjev no ut "Tidemands udvalgte Værker." Det vert 24 Bilæte, utførde av Ludvig Fischer i Wien, som er ein namngjeten Koparstikkar. Prof. L. Dietrichsen skriv Teksten til Verket.
 
Gausdal Sanatorium hev iaar gjevet ein Vinst av 8000 Kronur.
 
Fr. Wexelsen skriv i Opl. Avis mot Bjørnsons nye Meiningar um Helvitesstraffi.
 
Fraa By og Bygd No. 12 inneheld: Heilsing til "Fedraheimen". Smaastykke fraa Dalarne (Slut). Um vaare gamle Minne og det Verde dei hava i "vaart nationale Stræv" (Av Hans Mo). Ute og heime. – Som Tillægg fylgjer:Gudelege Smaa stykketil Helgar-Lesnad. 
 
Lidberg, ein svensk Bakar, som hev voret Methodistprest i Holmestrand eit Tak, rømde fyr nokot sidan fraa Byen. Det vert høyrt mange leide Ting etter honom, so Ein ser det er best aa agta seg litevetta fyr slike "farande Menn," endaa um dei fer med Guds Ord og fager Tale.
 
Dr. Brandes skal vera aat med ei Bok um Grundtvig, paa same Gjerdi som den han skreiv um Søren Kierkegaard.
 
Paa Grasdalen i Fitje (paa Bergenskanten) er der ei fæl Yverferd av Skarlagensfeberen. Paa 3 Dagar døydde det ikkje mindre enn 8 Menniskjur.
 
Paa Færøyarne, der dei talar eit Maal, som er nærskylt til Islandsk og Gamall- og Ny-Norsk, hev dei ikkje fyrr havt nokot Blad. Dei freistad med eit fyr 25 Aar sidan, men det gjekk galet. No hev dei fenget til eit Aktielag, og det skal fraa Nyaaret gjeva ut eit færøyisk Vikeblad, som skal heita "Dimmalætting" (Morgonljosken).
 
Presten Aars i Skouger døydde 2dre Joledagen. Han fekk Slag og datt livlaus um, med same han skulde inn i Kyrkja. 
 
I Krydsherad hev det no eit Bil leget tvo Finnar med paa Lag 2000 Reinsdyr. Av desse vart den eine Helvti slagtad til Jol; med andre Helvti, som dei skal slagta og selja etter Jol, er dei drivne tilfjells. Ein rar Ting er det, at eit Par av desse Reinsdyri hadde berre eit Horn, som stod ut midt i Panna.
 

Den Nemndi, som hev vortet sett til aa umgjera Logverket um Bruken av Vatsdragi, skal no hava stellt til eit Framlag til ei Log um heile denne Greida. Framlaget skal dei vilja senda rundt til Amtmennerne og andre Slike, so dei kann faa segja si Meining, og so skal det inn til Nemndi att og yverfarast endaa ein Gong, skriv Mgb.


Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum