Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson)
 
III.
Um den katolske Kyrkja og det katolske Kyrkjestellet.
(Sluten).
             
[Del 10 av 25. Fyrste delen.]
                 
Korleides Aalmugen hernede reint forveksler sjølve Bilætet og den som Bilætet skal avbilda, hadde eg eit merkelegt Prov paa. Ein dansk Mann budde hjaa eit Par Folk, som hadde ein sjuk, liten Gut. Denne Guten hadde no Kona boret fraa Kyrkja til Kyrkja, lagt honom fram fyre alle dei Bilæte av Madonna og heilage Menner, som til var, og bedet deim um at gjera Guten hennar heil atter. Men Guten vardt berre verre ved alt dette Kavet Stakkar. Presten (for han var Prest denne danske Mannen) spurde daa, kvifyr ho inkje gjekk til Kristus med Guten sin; han var daa den einaste, som kunde berga. "Ja," svarad Kona, "ho hadde nog tenkt paa det og, for Madonna og alle hine dugde inkje nokot. "Og no heve eg høyrt" sagde ho "um slik ein ovgod Kristus, som skal finnast utpaa appiske Vegen; eg fær freista med honom."
 
So kunde ho inkje skyna, at Meiningen var at beda til Jesus Kristus, som er i Himmelen. Ho tenkte berre paa Bilæte og skilde millom gode  og laake Kristus'ar. Nei Bilæti er det fyrst og fremst her. Difyre hava dei altid Bilæti med seg paa Helgedagarne, naar dei ganga i Heidersstemnor med Spel og Flagd og Vaksljos kring i Gatorna. Snart er det Kristus, og snart Madonnaog snart dei andre heilage, utklædde med Krunor og Kaapor og fine Skrud. Eg heve alt fortalt um, korleides Vaksdokka paa Aracoeli velsignar Romarfolket. Og so kyssa dei no desse Bilæti, naar dei kunna koma til, soleides at Foten paa mange er reint avsliten, so dei maa setja Tæer elder heil Fot av Jarn, skal det vara ei Stund.
 
Det er no inkje berre Bilæte, som den katolske Kyrkja eig av Heilagdomar. Ho heve og nokot, ho kallar "Relikvier", det vil segja Bein og Knokar etter heilage Menner; men desse liggja no i Kistillar av Gull og Sylv og verda inkje framsynte meir enn nokre Gongjer i Aaret. Her er snodige Ting at faa sjaa. Ei Kyrkja heve ei Tonn av den heilage Apostel Peter, ei onnor ein Bite av Skallen hans, ei tridje eit Stykke av Naglen o.s.v. Dei hava sundlemt desse stakkars Kropparne soleides, at det mest er utenkjande, um ein ellest skal tru, at det er sant dei segja; men det kann vel vera so ymist med det. For naar dei syna fram her i Rom nokre av dei Klutar, som Jesubarnet vardt sveipt i, daa det vardt født, og nokot av den Mold, han laag og bad paa i Getsemanehagen, so kann ein inkje annat enn draga paa Smilen. I Midaldren synte dei fram nokot av dei Hyttor, som Peter vilde byggja paa Berget, der Jesus vardt forklaarad, ja jamvel den Stigen, som Jakob saag i Draumen. Det skal tjukk Skalle til at kunna tru paa slikt; det ser mest ut til dei vil gjera Narr av Folk.
 
Eit annat, som tykjest oss Framandfolk underlegt, er Musiken i Kyrkjom. Me maa inkje tru, at dei spila slik høgtidleg Musik som heima, nei her gjeng det strjukande, det er Valsar og Galopadar, Laup uppetter og nedetter, nyaste Theatermusik, som du fær høyra paa Orgelet som Millomspil millom kvar kyrkjesong, og sjølve Kyrkjesongen er myket meir livad enn uppe hjaa oss. Folket her maa hava nokot lett, nokot livande og smjugande fyre Øyrat, og dei er so ovglade i Tonar, at endaa dei ringaste av deim ofta spila Guitar elder Mandolin.
 
Daa eg var i Milano, gjekk eg inn i ei Kyrkja, og der stod nettupp Lesarborni paa Golvet, dei skulde fyrste Gongen til Alters. Gjentorna var klædde som til Brud med kvite Kjolar og Flor og Krans kring Haaret; det saag ovfagert ut. Og so tek Orgelet til at spila den lystigaste Polka, so eg er viss um, dei unge Hjarto, som dernede stod, tok til at tenkja paa sidste Dansen, og kven dei daa hadde dansat med. At dei inkje finn detta  usømelegt, kann eg inkje skyna. Paa Høgtidom stend heile Krigsmusiken uppmarserad i Kyrkja, og daa kann du høyra Komandering som paa Eksisplassen, og daa set Spilemennerne i med dei lystigaste Marsar med Horn og Trumbor, medan Prestarne og Munkarne draga rundt med Paven elder Kristus elder Jomfru Maria. Og Folket glaaper og sig i Kne og lyder etter den fagre Musiken.
 
Enda eit lyt eg nemna, som er oss Lutthermenner ein Torn i Augat, og det er denne Syndetilgivning, som dei kann kaupa seg til fyre Skampris. Her er soleides ei Tropp, som dei kalla den heilage Troppi, og som dei giva ut fyre at vera same Troppi, som stod framfyre Huset til Pilatus i Jerusalem, der Jesus vardt synd fyre Folket med Tornekruna paa. Moder aat Konstantin den store skal hava ført henne fraa Jerusalem til Rom Aar 326 etter Kristi Byrd. Kvar den, som no kryp uppetter denne Troppi paa Kneom, bedande og tenkjande paa Jesus Kristus, skal hava Syndetilgivning, solenge han liver. Ein annan Stad slepp ein lettare, men so tener ein helder inkje so myket. I eit stort gamalt Theater fraa Heidningatidi, som heiter Koloseum, og som eg kjem at tala meir um, er no reist ein stor Kross. Kvar den, som no gjeng framum og kysser denne Krossen, skal hava Syndetilgivning eit Aar og 40 Dagar. Det heiter vel, at det skal skje med botferdigt Hjarta, men det kjem det inkje so nøge an paa i Praksis.
 
All denne Galskapen gjerer no somyket, at alle sidade Folk, som hava lært nokot, lægja aat detta, og so lægja dei ofta aat Trui med det same. I det unge Italia er det myket med Utru, som fyrr er sagt.
 
[Meir.]
 

Frå Fedraheimen 29.12.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum