[Notisar]

 
Fredrikshaldskanalen vart vigd den 4de Juni. Han gjeng fraa Femsjøen ½ Mil fraa Fredrikshald til Skulerudvatnet i Høland, er ikr. 6 ½ Mil lang og hev mange og store Sluseverk. 3 Eimskip gjeng der; tvo til er ventande.
 
Amtmann Meinich døydde den 7de Juni 59 Aar gamall.
 
" Den forstærkede Budgetkomite" skal hava avgjort aa innstilla til Odelsthinget aa vedtaka Stempelskatten. Vil Odelsthinget fastsetja Innkomeskatt, tel Komiteen til aa velja Repartitionssystemet.
 
Statens Fesyningar vert haldne: paa Vossevangen (Kyr og Sauer) 19de Juni, paa Fredriksberg i Maalselven (Kyr og kannhenda Sauer) i September; i Valdris 6te Sept., i Hallingdal 10de Sept., i Selljord 18de Sept., i Sauland 20de Sept. (Kyr paa alle desse Stader); i Romsdal eingong i Haust (Sauer), i Vik i Sogn (Sauer) i Fyrsten av Okt. – Hestesyningar: paa Vossevangen 20de Juni, i Strondi paa Sunnmøre 26de Aug., Størdalshalsen (Tidi uavgjord), paa Hamar Fyrsten av Okt., i Kristiania Sluten av Sept.
 
Samlaget til Dryfting av Landbrukssaker held Aarsmøte i Kristiania den 25de og 26de Juni.
 
Arsenikforgifting. Dei hev vortet vare, at mange Sjukdomar kjem av di at der er Arsenik (Rottekrut) i dei Klæde, Ein brukar, baade i Seng og Gangklæde, og lika eins i Veggetrekk. Polytekniker Tobiesen hev forfaret 80 Stykke fargat Bomuldsty; 11 hadde mykje Arsenik, dei var for det meste manglita (grønt, blaatt, brunt, raudt) men tvo var mest berre raude; 8 hadde mindre Arsenik, og av dei var 7 fleirlita, det 8de raudt. - Det vert faarlegt aa kaupa By-Ty no, er det likt til.
 
Ein liten Voltaire-Fest vart halde i Kristiania med. Telegram vart sendt til Paris med Helsing.
 
Storthingsmann Richter er utnemnd til Generalkonsul i London, og Konsul Christoffersen i Leith.
 
Bøker. Thomas Ross, ny Forteljing av Jonas Lie er utkomi i Kjøbenhavn.
 
"Folkelege Grunntankar" er no komne i serskilt Bok. Det er ei Bok, som kvar og ein bør lesa, og lesa væl.
 
Grunnlogsbrigdet um Storthingsmenn fraa Finmarksbyarne skal vera stadfest av Kongen. Heretter fær me soleids 114 Mann i Storthinget.
 
Norsk Folkehøgskule i Amerika vil Pastor O. L. Kirkeberg faa istand til Hausten. Sokni i Elkorn hev gjevet fri Grunn og væl 100 Dollars; ho hev og lovat Dugning, naar der skal byggjast.
 
Fraa By og Bygd No. 6: Um Kunstarbeid Av A. O. Vinje (Slutt). – Fraa Naumdal.
 

 

Frå Fedraheimen 12.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum