Fraa Tyskland

 
(Brev til "Fedraheimen".)
 
Berlin den 5te Juni.
 
Det er vist eit Sersyn i heile Kongemordarsoga, at den same Fyrste tvo Gonger paa berre tri Vikur hev voret Maalet fyr Mordarens Kula. Denne Æra vart spart aat Tyskland. Etter Hødels Freistnad hev me her livt i sterk Uro og Hugspaning. Trass i, at "Undantakslogerne" mot Sosialdemokratarne vart kasta av Riksthinget med 5/ 6Fleirtal, tok Regjeringi med Politihjelp so hardt i mot Sosialistarne, at Ein reint laut spyrja seg sjølv, kvat ho daa i Grunnen hadde viljat med Undantakslogi, naar ho kunde gjera som ho vilde utan den. Til kvar Dag spurdest det, at Forsamlingar vart uppløyste av dei mest meiningslause Grunnar, berre fyrdi Sosialdemokratar vilde halda dei; kvar Dag gløypte Fangehuset ein elder annan Sosialisten, som vaagad seg til aa tru, at han hadde same Retten i "Retsetaten" han som andre Borgarar. Og fyr kvar Dag vart daa og Sosialistarne meir uppøste, som rimelegt kunde vera. Bodet um, at "den store Kurfyrste" var til Grunns gjengen, døyvde fyr eit Bil Tankarne paa Sosialistkrigen. Folk visste ikkje kvat som var verst: Sorgi yver alle dei hundrad av Liv, som der var slokna, elder Skammi yver, at eit Skip paa si fyrste Utferd, midt paa ljose Dagen og i roleg Sjø, var søkkt til Kavs av ein Kammerat! Men denne Sorg og Skam var endaa som ingen Ting mot den Sorg og Skam, som kom paa, daa den 2dre Juni kom med Bodet um den nye Mordfreistnad. Dei vilde fyrst ikkje tru det. Det var altfor styggt, altfor skamlegt. Men daa Vissa var der, daa hundrad Tusund stod framfyre Keisargarden i andelaus Stilla og lydde paa Gjetordet, som sveiv og dreiv som ei uroleg Kviskring i Lufti: han er utor Skilom, - han er alt daaen, - ja daa var det som kvar Ein skjemdest av aa vera ein Tysker. Det var ikkje som sidst, daa Flag i tusundtal fløymde i den friske Luft og Folket i Jubel song Gledesongar framfyr Keisarens Borg. Daa stod han der, den ranke, kvithærde Gubben, og helste taarøygd til alle Sidur; no laag han der inne paa Sottarseng, gjenomskoten og vitslaus. Kor kunde det vera Raad, at slikt kunde henda? Sidst var det ein Halvtulling av ein Blekkslagarsvein, som i alt sitt Liv hadde faret som ein Skarv og legjet i Strid med Samfundet; at ein slik kunde finna paa sovoret, det kunde Ein paa ein Maate skyna. Men no var det ein Mann av dei likaste i Landet, ein Mann med den beste Skule og utan all Næringssut; med den kaldaste Umtanke ladde han Dubbeltbyrsa si med Hagl og Skraa, og daa so den gamle Mannen, som berre ved sin Alder burde vera trygg fyr Mordarhaand, kjem kjøyrande framum paa sin vanlege stillfarande Maate, so tek han Sigte og sender fyrst eit og so med same Kaldhug det andre Skotet inn mot den ærverdige Gamle. Og etter at han so hev krasat sund Haka paa den fyrste, som vil fakka honom, gjev han seg sjølv tvo Skot gjenom Hausen, so han no er aa kalla livlaus Mann. Kor kunde slikt bera til? Tanken stod stilt, og stenn stilt enno. Dei vil gjeva Sosialdemokratarne Skuldi fyr detta og, men av veike Grunnar, tykkjer eg. Dei hev ikkje funnet nokot sosialdemokratisk Skrift hjaa honom; dei kann ikkje sannprova, at han hev nokot Hopehavande med Sosialistførarom; mot det Paastand, at han hev voret med i Sosialistforsamlingar, stend det Paastand av Sosialistarne 1), at han hev stadet fram som Motstandar mot dei. Han skal hava vedgjenget, at han hev sosialistiske Meiningar og at han hev Medskyldige; det skulde daa vera ei sosialistisk Samanrotting til aa tyna av heile Keisarhuset. Men Mannen hev tvo Skot gjenom Skallen og eit Sabelhogg yver Bakhovudet, som det hev komet Heile ut gjenom; naar han hostar, tyt det Heile ut gjenom Saari; etter som Lækjararne segjer hev han heile Tidi voret ufør til aa forhøyrast. I ei "ljos" Stund fører dei Moer hans til honom; ho bed honom letta sitt Samvit; han stirer hardt paa henne; ho spyr, um han hev fengjet Pengar fyr aa drepa Keisaren; nei; "hev daa Luten fallet paa deg?" "ak ja!" Statsadvokaten tek frami: "Vil De dermed segja, at De er utkorad ved Lutdraging til aa drepa Keisaren?" "Ja." Fleire Svar fær dei ikkje; han ormegtast og hev sidan legjet i Herota. So lengje han endaa raadde med seg, vilde han Ingenting segja um sine Grunnar; paa denne eine Utsegn um "Luten", som etter mi Meining vart lagt honom i Munnen av Andre, byggjer dei no sine Mistankar mot heile det sosialdemokratiske Lag. Men Sosialdemokratarne viser alt Felagskap med Mordaren fraa seg, kann du vita, og kven veit um dei hev Rett i det. I alle Tilfelle hev Dr. Nobiling ikkje gjort Sosialistlaget nokon Beine med Ugjerningen sin; for Mothugen mot det er alt vaksen upp til ein heil Storm. Dei hev byrjat "Jagti paa Raudvillt" med Husgjenomleitingar hjaa alle Sosialistførarar, men hev nok ikkje set Hyren av nokot "Complot". Det er væl ikkje reint utenkjande, at det kunde koma endaa ein Mordfreistnad, og det fraa Sosialistarne; men um so var, so trur eg, at det snarare kom som ei Fylgd av desse hardstyrande Politi- Tiltak enn av Sosialistlæra; for denne fordømer alt Mord, Avrettingsstraffi med, og daa sjølvsagt ogso Kongemord. Men øser Ein dei upp med slikt eit Hardstyre, so kunde det væl i uklaare Skoltar vakna den Tanken, at Ein kunde faa Fred att ved aa tyna Riksstyraren, og det hev komet so fyr meg, at alle dei Majestætsbrot, som hev fylgt med den sidste Freistnaden, tyder i den Leid. Det er soleids merkjande, at det denne Gongen i Berlin er sett fast 37 Mann – mot 4 den fyrre Gongen -, fyr di dei hev ordat paa, at det var leidt at ikkje Nobiling helder skulde hava Lukka med seg med sin Freistnad, og eg hev eit Blad framfyr meg, som hev ikkje mindre enn tvo Spolar fulle av Tidender um sovoret fraa andre Landskantar med. Det kann aldri slaa i Mist, at detta heng ihop med den fæle Sosialistjagti, som no hev teket til.
 
Den komande Tid vert visseleg ei Stridstid. Dei talar endaa um aa kalla inn Riksthinget fyr aa faa fastsett dei Undantakslogjer, som sidst vart kasta, men som "berre hadde det eine Lyte, at dei var for milde". Berre no ikkje Lækjedomen vert verre enn Sjukdomen. Krunprinsen, som no hev tekjet Styret, skal hellest vera engelsklyndt, so det kann altid henda, at dei rolegare Røyster fær Yvertaket.
 
"There is something rotten" i det tyske Rike. Det vert Moro aa sjaa, um no Boteraadi skal verta Einveldet elder Fridomen.
 
d.
 
1) Fyr "Sosialist" og "sosialistisk" skulde Ein alltid segja "Sosialdemokrat" og "sosialdemokratisk."
 

 

Frå Fedraheimen 12.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum