Kristiania, den 11te Juni.

 
Odelsthing den 6te Juni. Lagthinget vilde, at Logi um Løning til Skulemeistarom skulde leggjast burt. Difyre laut Sakji fyre atte i Odelsthinget. Smitt totte det, at Lagthinget inkje hadde havt god Grunn til at skjota Logi fraa seg. Han trudde Saki var godt greidd ut og at Logi vilde gjera myket Gagn fyr Skulen; difyre vilde han inkje gjeva Slepp paa Odelsthingets fyrre Avgjerd. Thune heldt paa at Logi vilde føra stor Kostnad med seg i desse skarpe Tider, og difyre laut der drygjast med at gjeva ut Logi.
 
Jak. Sverdrup var enig i at Tiderne var so, at det kunde trengjast aa spara paa Utlegg, men Upplysningsverket laut hava sin Gang; aa slaa af paa Framgangen i det vilde vera øyde Skade for Land og Folk. Jaabæk vilde hava Logi fram. Han meinte, at ho inkje vilde auka Utlegget meire enn ei Avgjerd af Storthinget. Kom inkje Logi fram, so vilde Storthinget leggja paa Utlegg til Skulen, og so kom det mest ut paa det same med Kostnaden. Løvenskjold meinte det var godt at faa denne Log, for at Lønerne kunde verta større, so dei beste Lærarar kunde faast. Joh. Sverdrup hadde inkje tenkt at Lagthinget hadde sendt Logi tilbake. Saki var væl utgreidd, so det for den Skuld inkje var noko aa drygje etter. Der laut gjerast meir for Skulen, det var paa den at Folkets Velferd i mangt og myket stod. Motzfeldt likte inkje den Maate, som Logi vilde setja fast for Utreiding af Skuleløn, men daa han var hugad paa aa gjera Lønerne større, so totte han inkje han kunne stemme imot. M. Møller vilde stemme for Logi. Likeins S. Nielsen.
 
Det vart berre 15 Mann, som stemte imot. Det var: Ellingsen, Vefring, Klonteig, Brandvold, Veum, Thune, Strande, Goverud, Spilling, Holm, Liestøl, Igland, Øverland, Vindal, Nysetvold.
 

 

Frå Fedraheimen 12.05.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum