Peter Schlemihl

 
[Del 8 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
Um hin ukjende Graaklædde visste han berre det, at han aaleine kunde løysa meg fraa min Vanskipnad, at eg sette all mi Von til det Møte, han hadde lovat um "Aar og Dag", at eg trudde, han kunde finna meg yveralt, eg aldri honom, og at eg difyr hadde latet all Leiting fara.
 
Festdramben og mi Aatferd under Festen gjorde, at dei sterktruande Byborgarar i Fyrstunne heldt fast paa si Meining. Men snart fekk dei daa sjaa av Avisorna, at Kongen av Preussen var heime og ikkje hadde tenkt paa Burtferd dihelder. Men ein Konge var eg no likvel og maatte so vera, ja endaa ein av dei rikaste og kongelegaste, dei visste berre ikkje kven. Heimen hev aldri havt Grunn til aa klaga yver Vant paa Monarkar, iminsto ikkje i vaare Dagar; dei gode Folk, som aldri hadde sett ein Konge, gat snart paa denne, snart paa hin - Greive Peter vardt altid den, han var. -
 
Til Byen kom ein Kaupmann, som hadde vortet rik ved aa gjera Uppbod – ved aa snyta deim, som hadde borgat honom Varar og Pengar. Han sat no godt i det og kunde gledja seg med stor aalmenn Vyrding, og han kastade ein breid – men nokot bleik – Skugge fraa seg. Han vilde her utstella den Rikdomen, han hadde samnat, til Dramb, og han vilde endaa tevla med meg. Eg rødde til Pungen min og hadde snart Armingen so vidt, at han laut gjera Uppbod andre Venda og løyna seg paa hi Sida Fjellet. So var den Soga ute. – Eg hev paa denne Staden – diverr – gjort mange til Letingar og Dugløysur.
 
Trass i den kongelege Dramb og den Øydsla, som lagde alt under min Fot, livde eg i mitt Hus myket simpelt. Eg hadde lært aa sjaa meg vel fyre. Det kunde ingen annan enn Bendel koma inn i mine eigne Rom, paa inkje Vis. So lengje Soli var uppe, heldt han og eg oss inne, og det heitte: Greiven arbeider i sitt Kabinett. Med desse Arbeid stod i Samband dei mange Bodberarar - um alle Verdsens Smaating, - som eg sende ut til og tok imot fraa alle Kantar. – Berre um Kvelden tok eg imot Selskap anten under Trei elder i Salen, som daa var upplyst etter Bendels Raad. Naar eg gjekk ut, maatte Bendel altid fylgja meg med Argusaugo, og eg gjekk berre ein Stad – til Skogmeistarhagen – og berre i eit Ærend; for min Kjærleik var mitt Liv, mitt Hjarta, mi Saal.
 
Mina var i Røyndi eit elskverdugt, godt, hogvart, uskyldugt Barn. Eg hadde vunnet henne heilt; ho visste, audmjuk som ho var, ikkje, kvat som gav henne framum so mange andre Verd i mine Augo, men ho gav Kjærleik fyr Kjærleik med den fulle Kraft av eit uskyldugt Hjarta. Ho elskade som ei Kvinna, sjølvuppoffrande, sjølvforgløymande, tilgjeven den aaleine, som var hennar Liv, sorglaus, um ho ogso sjølv skulde ganga under, d. e. ho elskade verkeleg. –
 
Men eg – aa, for ei grysjeleg Tid – grysjeleg! og likevel verd aa ynskja att tusund Gonger - ofta hev eg saman med Bendel graatet, etter at eg ovanpaa den fyrste sanselause Rus kom til meg sjølv att og skodade inn i min Lagnad – graatet yver, at eg, Skuggeløysingen, med liskrande Sjølvkjærleik, som maatte svika, førde denne Engel, denne reine Saal, inn i mi Ulukka! So tok eg den Raad aa fortelja henne alt; so lovade eg meg sjølv med dyre Ord aa riva meg laus fraa henne og fly burt; so strøymde Taararne atter, og eg avtalade med Bendel um Kvelden aa fylgja med til Skogmeistarhagen.
 
Til andre Tider yvertalade eg meg til aa vona, at naar den graaklædde Ukjende no snart vitjade meg, skulde alt verda godt og vel, men eg gret paanytt, naar Tvilen strakst trengde paa. Eg talde Dagarne til dess den Øgjelege skulde koma; for han hadde sagt "um Aar og Dag", og eg trudde paa hans Ord.
 
Foreldri var gode, ærlege, gamle Folk, som hadde deira Barna kjært. Det heile Samhøve kom deim underlegt fyre, og dei visste ikkje, kvat dei skulde gjera. Dei hadde fyrr ikkje drøymt um, at Greive Peter kunde tenkja paa deira Barn; men no skynade dei, at han baade elskade og vardt elskad. Moderi var vel æregjirug nog til aa tenkja seg Egteskap millom oss mogelegt og arbeida fyr det; men Faderens gode Vit gav ikke Rom fyr ein slik Tanke. Baade tvo var dei visse paa, at min Kjærleik var rein. – Dei kunde ikkje gjera annat enn bedja fyr deira Barn.
 
Det fell meg i Handi eit Brev fraa Mina fraa hi Tid. Eg vil avskriva det her:
 
"Eg er eit veikt, faavist Ting, som kunde tru, at min Kjæraste, som eg so inneleg, inneleg elskar, ikkje skulde, ikkje maatte leggja Sorg yver meg, Stakkars Gjenta. Aa, Du er so god, so usegjeleg god; men mistyd meg ikkje. Du skal ikkje offra meg nokot, ikkje vilja offra meg nokot; aa Gud! eg kunde hata meg sjølv, naar Du det gjorde. Nei – Du hev gjort meg uendeleg lukkeleg. Du hev lært meg aa elska Deg. Reis av! Eg kjenner min Lagnad, Greive Peter høyrer ikkje meg til, tilhøyrer Heimen, Verdi. Og eg vil vera byrg, naar eg høyrer: det hev han voret, og det var han atter, og det hev han gjort; der hev dei tilbedet honom, der hev dei forgudat honom. Sjaa, naar eg tenkjer soleids, maa eg vera vreid paa deg fyr, at Du kann gløyma Ditt høge Kall hjaa eit einfaldugt Barn. Reis av, elles gjerer denne Tanke meg enno meir ulukkeleg, meg, som gjenom Deg er so lukkeleg, so sæl. Hev ikkje ogso eg flettat inn i Ditt Liv ei Oljegrein og ein Roseknupp liksom i den Krans, eg rette Deg? Eg hev Deg i Hjartat, min Kjære, ottest ikkje fyr aa ganga fraa meg! eg vil døya, aa! so sæl, so usegjeleg sæl – gjenom Deg." –
 
Du kann tenkja, korleids desse Ord tok meg, skar meg gjenom Saali. Eg sagde henne atter og atter, at eg ikkje var den, dei heldt meg fyr: eg var berre ein visstnog rik, men uendeleg ulukkeleg Mann; det laag yver meg ei Uhemja, ei Tyngd, ei Vaabøn, som var den einaste Løynd millom henne og meg, men som eg hadde Von um snart aa verda frigjord fraa; det var detta, som gjorde mine Dagar so tunge, og gjorde, at ogso ho vardt dregjen med inn i mi Ulukka, ho, som var mitt Livs einaste Ljos, mi einaste Lukka, som var meir fyr meg enn mitt eiget Hjarta! So gret ho yver, at eg var ulukkeleg. Aa, ho var so full av Kjærleik, so rik paa Medkjensla, so god! Til aa fri meg fyr ein Taare hadde ho, med Gleda, uppoffrat seg sjølv heilt og haldent.
 
Det var likvel langt ifraa, at ho skynademine Ord rett; ho trudde, at eg likvel var ein Fyrste, som det var komet ei Ulukka yver, og det var umoglegt aa faa henne fraa den Trui.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 12.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum