Den "norske Synode."

 
(Amerikabrev til Fedraheimen.)
 
(Sluten.)
 
No paa Synoden, daa det vart upphavt um aa skipa eit heilt norsk Presteseminar i Madison til Hausten, var det og uppe slik ein national Strid. Den norske Synoden, den tyske Missourisynoden og dertil sume andre tyske og engelske Synodar hev lagt seg ihop til eit Samlag som dei kallar "Synodalkonferensen." Kvar av desse sambundne Synodar, so nær som den norske Synode, hev sin Prestehøgskule. Men no hev dei fleste vedteket aa slaa Presteskularne ogso ihop og faa upp ein sams Skule fyr alle desse Synodar. Dermed trur dei, at Skulen kunde draga til seg fleire dugande Menner og verta meir vitenskapleg; det var vist ogso Meiningen med Tidi aa faa andre Greiner enn den theologiske, so som ei Lækjargrein og ei Logkunne-Grein, og so skulde Skulen vaka yver, at desse andre Greiner og var luthersk-kristelege. So kom daa nokre med eit Framlag um, at den norske Synode ogso skulde vera med paa denne Skulen. No var det mange, som samtykte dette Framlaget; men det var ogso mange, som sette seg imot det; Skuletanken sjølv tykte dei nog var baade god og storslegen; men dei trudde endaa ikkje det var verdt fyr oss Norske aa ganga med. Me var for smaae og for litet framkomne baade andlegt og lekamlegt, medan dei andre Synodar elder dei tvo andre Folk, Tyskararne og Amerikanararne, som kom til at reisa denne Skulen, var langt komne paa baade Leider; so dei ottast, at me vilde verta reint gløypte og burtdytte av dei andre; me vilde ikkje vaaga aa koma fram med nokot av oss sjølve elder utvidka oss nokot paa vaar eigen Grunn; me vilde koma til aa standa og gapa og glo paa deim med Henderne i Luma med Age og Undring yver deira Dugleike og "Storverk". Fekk me derimot standa meir fyr oss sjølve, so kunde det med Tidi verta nokot av oss, um det enn i Fyrstunne kom til aa ganga helder smaatt. Og me kunde, trudde dei, læra myket godt av dei Tyske og Engelske, naar me stod eit Stykke ifraa deim, helder enn naar me laag midt inne i deim. Det var stride Ordkast um dette, men det vart utsett til aat Aare. Ja, i Saki med Asperheim saag dei vist og eit Døme paa, korleids det vilde ganga: Tysk og Norsk kunde ikkje semjast so nær einannan, og so laut den veikare Norsken gjeva seg. Framlaget um det theoretiske Seminar i Madison gjekk derimot lett fram, og so skulde daa Kyrkjeraadet sjaa aat aa faa tvo andre Lærarar atttil Schmidt. Det hev no kallat ein norsk Prest, Stub, men ein god Tyskar, og ein tysk Professor Stellhorn. Dei kunde ikkje finna nokon dugande Mann blandt dei Norske, og um han fannst, kunde dei ikkje onvera honom der han var. Hadde dei havt Hug til det, og hadde dei røynt seg, so kunde dei vel hava funnet ein her elder og fenget ein fraa Noreg; men Saki er den, at desse eldre Prestarne, som naturleg nog er dei raadande i Synoden, er so rædde dei nyare norske Idear, og so freista dei alt dei vinna aa faa druknat og staggat deim i Tyskardomen. Medan dei i Trudomsvegen i mange Deilar er fyre Prestarne i Noreg, so ligg deira nationale Tankar og Kjenslur ein mannsalder att i Tidi; de synest ikkje, det gjeng an aa ganga lenger enn Wergeland og Welhaven gjekk. Me fær no sjaa, um dei paa sovori Vis er føre til aa demma denne Straumen ute. Elles gjeng det so mange Straumar her; det er soleids sume, som strævar hardt med aa faa det Engelske inn i dei Norske og det Norske ut med ein Gong; men det kann ikkje og bør ikkje ganga so braadt; med Tidi vert det nog so; men det vil og lyt ganga smaatt um Senn, det maa glida yver liksom av seg sjølv so lett og finnt, at Ein mest ikkje merkar det; med nokon braad Umstøyt kann det ikkje ganga.
 
Eg nemnde ovanfyre, at den lutherske (norske) Kyrkja heryver er bytt i fjore Deilder. Den næststørste men yngste Synoden elder Kyrkjeavdeildi heiter "Konferensen"; dei andre tvo, som er helder smaae, er "Augustana-Synoden" og "Hauges Synode". Den norske Synode er aa reikna fyr Framhaldet av den lutherske Kyrkja i Noreg, "Moderkirken", som dei segja. Dei andre hev skilt seg ut, anten beint fraa den norske Kyrkja elder fraa Synoden; men dei nærra seg alle meir og meir den norske Synoden og læra meir og meir av den, utan naturlegvis aa vilja vera ved det, so me vonar, den Tid ikkje er so langt burte, daa dei alle kann rømast i eit Samfund. At den norske Synode er so sterk og "vinn" paa dei andre, kjem seg baade av di, at den stend paa reinast luthersk elder kristeleg Grunn, og at den godt veit og klaart og greidt kann setja fram kvat den trur og lærer, medan dei andre vaggar att og fram og berre ropar paa, at det er rangt og det er rangt; men dei kann ikkje segja, kvat som er rett. Konferensen ropar so myket paa, at Livet maa vera godt, og daa kvittar det mest Eit, kvat Ein trur og lærer. Men kor kann Ein gjera fint Arbeid, naar Ein ikkje hev godt Ljos? Augustanararne og "Haugianararne" er dei same som dei seinare Haugianarar elder Lesarar der heime: dei hev so annsamt med aa skjella paa "Statsprestarne" og paa Lærdomen i det Heile; Anden skal gjera Alt.
 
Vetle Tungovard.
 

 

Frå Fedraheimen 17.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum