Svart-Peter.

 
(Umsett fraa Tysk.)
 
(Slut.)
 
Klokka slo eitt i Kyrkjetornet, daa ho steig inni Vaktstova att. Borgfuten og Borgararne hadde gjenget i Seng, berre Vaktmeisteren og hans Soldatar var enno i Stova. Han for upp or Svevnen, daa Judith kom inn, og ropad imot henne:
 
"Fyr Fan, Gjenta, du hev daa ikkje voret avstad og hentat Flisi fraa Galgen, veit eg?"
 
"Jau, det hev eg, Herr Vaktmeister," svarad Judith, og lagde Flisi fyre honom. "Men eg hev hentat meir til Dykk, for Gud hev sétt meg ut til Vitne fyr Skuldløysa," og dermed flidde ho honom den blodutte Kniven og fortalde honom Alt, ho hadde sétt.
 
Vaktmeisteren saag nøgje paa Kniven og sagde ihugsam: "Eg tykkjer, at eg skulde kjenna Kniven, og at eg skulde ha sétt honom hjaa Raud-Jobst. Hald deg roleg her, Gjenta mi, til dess det vert Dag, so eg kann føra deg til Kapteinen, for Saki er vigtug og maa verta granskad so snart, som det er moglegt." Han viste henne til ein Sess i ei myrk Kraa i Stova; der skulde ho setja seg og kvila ei Stund.
 
Judith hadde knappt sett seg burti Kroken, so steig Raud-Jobst inn. Han hadde eit Par Vinflaskur, som han sette paa Bordet med dei Ord til Vaktmeisteren: "Far er gjengen i Seng, og so hev han vekkt meg, for det maa daa Ein av oss halda deg med Lag, kann du vita. Det er yver Midnatt, og her hev eg med meg eit Par Flaskur til Morgonskjenk." Han sette seg ved Bordet og skjenkte. Men Vaktmeisteren feste Augo skarpt paa Livgjordi aat Jobst.
 
"Me hev nok misteket Knivar igaar," sagde Vaktmeisteren liksom burti Vedret; "her hev eg din, Jobst, og misgaar eg ikkje, er det min, du ber paa deg?"
 
"Ja somenn!" svarad Jobst undrug, "Knivarne er umbytte, men eg skynar ikkje, korleids det skulde ha gjenget til."
 
"Det hev fulla boret til igaar Middag, daa me brukte Knivarne vaare til aa slaa av Halsarne paa Flaskurne," meinte Vaktmeisteren. "Der tak din, og gjev meg att min!" Jobst stod upp, sagde Ingenting, drog Kniven utor Beltet, vætte honom i eit Vatskjerald og turkad vel av honom att med ein Lumeduk.
 
"Du hev ikkje Bod aa reinska Kniven min," sagde Vaktmeisteren og gjekk nærare innpaa honom, "for paa min Kniv sit det ingen Blodflekk, men paa din syner enno Merki etter Mordet ved Galgen i Natt." Med desse Ord fatad han Jobst i Bringa, Soldatarne sprang burttil, slo honom til Golvet og batt honom. Dei rannsakad honom yver det Heile og fann fram ei svart Haarhetta, som han hadde gjøymt i Barmen.
 
Kapteinen vart strakst vekkt og fekk høyra, kvat som hendt var. Han sette og den gamle Borgfuten fast og rannsakad Slottet i dei løyndaste Kammers og Kjellarar og fann, til aalmenn Undring, alle dei røvade Saker upplagde her i store Haugar. Kjeisarborgi var gjord til eit Tjuvebøle. Saki vartstrengt granskad, og det viste seg, at Jobst var den fæle Svart-Peter, og at hans Far – han som fyrr hadde myrdat Wallenstein – var Helar med honom. Fyr aa velta Mistanken av seg og rydja utor Vegen den brysame Brudgumen aat den fagre Judith, hadde Jobst lurt Haarhetta og Grima inn i Rabners Hus. Fæle Forbrot kom upp i Dagen, Løynkjellaren under Rettarstaden inneheldt ei Mengd med Lik av Folk, som dei hadde myrdat. Sjølve fekk dei og lata Livet paa same Staden. Men Judith fekk Takk og Løn av Kjeisaren, ho vart gift med Rabner, Kjeisaren gjorde honom til Borgfut, og dei livde lenge sæle og velvyrde av Alle.
 

 

Frå Fedraheimen 17.08.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum