Kristiania, den 5te November 1878.

 

Stiftsmøtet fyr Kristiania Stift. I Saki um Skriftemaal og Syndsavløysing heldt Yverlærar Bjordal Grunnfyredraget. Han meinte, at den aalmenne Forkynning av Evangeliet var Absolution, elder Evangeliet sjølv det same som aalmenn Absolution. Nokot annat Lykjel-Embætte kunde han ikkje sjaa, at det var. Det aa paatvinga Kyrkjefolket Skriftemaal, fyrr Evangeliet tvang Folk til aa krevja det, var ikkje godt. Me maatte takka Gud fyr den Kyrkjeordning, me hadde, og arbeida paa, at det private Skriftemaal vart kravt, men ikkje tvinga korkje detta elder det openberre Skriftemaal inn i Kyrkja vaar. Av andre Talarar nemner me Prestarne Horn, Bang, Hauge, Roll, Lange, S. Brun, C. Brun, Hval, Moe, Schjønheyderog Berg og Leikmennerne Borchgrevinck, Isaachsen, Elverud, Svanholm, Tønnesenog Olsen. Hauge framsette Forslag um, at Møtet skulde taka Ordet fyr, at det tvungne Samband millom Skriftemaal og Nattverd upphøyrde i den norske Rikskyrkja, men tok Forslaget att, daa sume fann, at det Spursmaal ikkje var under Dryfting. Garvar Olsen sagde, at dersom alle Leikfolk, som hadde den same Meining som Hauge, trod fram, skulde Ein faa sjaa heile Herskarar. Møtet endad utan Avrøysting i Saki.

 

 

Frå Fedraheimen 06.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum