Utlandet.

 
Paa Balkanhalvøyi gjeng no alt saman i Ring, so Utgang er ikkje aa øygna. Ryssland vil ikkje draga Tropperne sine burt fraa dei hersette landskap, fyrdi den muhamedanske Fanatisme mot dei kristne daa vilde brjota ut att. Til Prov peikar det paa Upprøret i Makedonia. Men dette Uppstandet vilde ikkje komet upp, hadde ikkje Ufredsmennerne skynat, at dei hadde Vern og Studnad i dei ryske Troppor i Bulgaria; i alle Fall vilde det strakst ha misst all Faare, dersom ikkje Ryssarne hadde voret ved. Fyr aa faa Ende paa Hersetningi skulde altso Porten gjera sitt beste til aa døyva Uppstandet. Men daa vilde det sakte ikkje ganga fri fyr aa verta skuldat fyr hard Aatferd, og so var det det same uppe att. Gjer derimot Porten Avkall paa aa vaapna det muhamedanske Folket og læt han seg lita med Hjelperaader, som ikkje duger, er det faarlegt, at Uppstandet vert likeso langdrjugt, som Uppstandet i Bosnia var, og at det kan hava dei verste Etterfylgder fyr Portens Herredøme. Paa den eine Sida hev soleids Ryssland Porten burt i Uføret, og paa den andre Sida brukar det dei sterkaste Lastord mot ’n, naar det viser seg, at han ikkje kann greida det. Fyr Porten er det like galet, kvat han gjer: eru tveir kostir, ok er hvàrrgi godr. Med’ den austrumeliske Kommission sit i Filippopel og raadlegg um, korleids Provinsen Austrumelia skal skipast til under Portens Yverhøgd, tek Ryssland beintfram Ordet fyr ei Samfesting av Austrumelia og Bulgaria til eit Rike: Storbulgaria, og dette utvidkat til Sjoen – rakt imot Berlinsemja. Med’ det ryske Diplomati lovar høgtidleg ut, at det ærleg vil gjenomføra kvar Tytel av Berlinsemja, styd det under eit Uppstand, som nettupp gjer denna Semja til inkjes. Det er og ein kjennd Ting at ryske Officerar fylkjer og fører Upprørararne, og den bulgariske Presteskapen, som stend i Rysslands Tenesta, gjev Upprøret religiøs Innvigsla. Ryssarne lagar seg til aa leggja seg i Vetrlæger sunnanfyr Balkan. Skal Ryssland ikkje faa gjera kvat det lyster, er det fulla ikkje onnor Raad aa gripa til enn Krig. Det er daa England som er nærast til aa taka frami: men det kann nog henda, at det ikkje vert einslegt. Det hev voret tymtat mykje paa ei Samlaging millom Vestmagterne, og det hev ikkje voret reint ut negtat fraa nokor Leid.
 
I Sverike hev Kyrkjeministeren Karlson fenget Avskil. Professor i Historia ved Uppsala Universitet C. G. Malmstrøm kjem i Staden; han er ein uprøvd Mann i Riksstell og Riksstyr.
 

 

Frå Fedraheimen 06.11.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum