Kristiania, den 7de Januar 1879.

 
Embætte. Utnemnde 4 Jan.: Prest Friis Eidsvoll til Provst i Øvre Romerikes Provstedøme; Cand. Th. Fryknell til Sokneprest i Fitje, Landsdomar Norgrenn til Landsdomar i Solør; Sakførar N. Schøyen til 11te Assessor i Kristiania Byrett.
 
Sudbanen vart sett i Drift 2 Januar. Det gjekk fyr seg utan Stas som rett kann vera i desse tronge Tider.
 
Russland vil gjeva Serbia 60000 Rublar um Aaret til aa skipa Lærestolar i det russiske Maal ved dei høgre Skular.
 
Daane. Prest i Eyvindvik Elling Hansen, 42 Aar gamal. Han var ein framifraa dugande Prest og hadde dregjet paa seg Sjukdom ved harde Sjoferder fyrst i Trums Stift, der han var Stiftskapellan, og sidan i sitt nye Embætte i Vetr; han leiver etter seg Ekkja og 5 Born. Distriktslækjar i Lenvik Rolfsen, ogso ung Mann.
 
Daa Hr. Hj. Løberg litle Jolaftan Kl. 7 ½ Etterm. slapp ut or Fengslet, hadde det samlat seg ei 150 Menneskjur til aa ropa Hurra, so det ljomade. Hr. Løberg og eit heilt Selskap, som hadde ventat med Sledar utanfyr Fengslet, køyrde strakst til Solheimsviki; der tok dei imot ”Høgbrotsmannen” med Fyrverk. Ein Songkvartett kom sidan og song: ”Ja, vi elsker dette Landet”. Mange hundrad Menn og Kvinnur av alle Samfundslag og Meiningar hev vitjat Hr. Løberg i Fengslet. Dei hev alle voret samde um, at han ikkje fortente si Straff. – Nokre Menn i Hardangar innbyd, som Ein ser av vaart fyrre Nummer, Medborgarar til aa gjera Samanskot til ei Heidersgaava aat Hr. Løberg.
 
I Schweiz hev det voret so sterkt Snjofall, at Jarnvegstogi ikkje kann halda Rutarne. Posten fraa Tydskland sovel som fraa det tydske Schweiz naadde ikkje fram til Genf den 21de Decbr. Vegen millom Reni og Lausanne var ikkje farande. I Genf arbeidde 400 Mann og 120 Hestar Dag og Nott paa aa halda Gaturne opne. I Vogesarne (Frankrik) ligg det so mykje Snjo, at gamle Folk ikkje minnest Maken til Vetr.
 
Jarnvegsarbeidi. Finants-Dept. hev bedet Indre-Dept. um aa strika paa Segli og gjeva seg Tid med Jarnvegsbyggjingsarbeidet daa det skortar Pengar i Rikskassa. Jarnvegsdirektionarne er difyr komne saman til Raadleggjing um, korleids detta kann gjerast paa beste Maate.
 
Stansad Betaling. Verkseigar, Stadshauptmann Joh. I. Schwartz i Drammen og Bro’ren Trelasthandlar Th. W. Schwartz i Fredriksstad. Baade tvo hev voret Storthingsmenn.
 
Tiltale. Sakførar K. G. A. Dahl er sett under Tiltale fyr Utruskap, Trugsmaal o. m. dilikt mot Raadstuskrivar Lunde.
 
”Namdalsposten” vert fraa 1 Jan. iaar styrt av Hr. Skulestyrar M. Hægstad.
 
Meeting. I London er haldet eit Møte av Tydskarar um ”Rikskanslar-Dispotismen” (Overevlet) og korleids Tydskarar i Utlandet skal stella seg til den. Most, Riksdagsmann h. v., var millom dei, som talade.
 
 
Um danske Forleggjarar av norske Bøker skriv Hr. B. B. i ”Opl. Av.”: (”Naar skal vore Digtere ellers ophøre med at saare vor Nationalfølelse ved at lade sine Bøger udkomme i Kjøbenhavn?” spørger er Bog-Melder i ”Oplandenes Avis?”)
 
”Jo, - vi vil ophøre med at saare hans Nationalfølelse den Dagen, vi er blet saa dumme, at vi ikke gaar did, hvor den største Omsætningen er, nemlig hos Nordens største Boghandler. Det vil ske, om ikke før, saa sikkert den Dagen, vi er blet saa kaute paa det, at vi forsmaar det fordelagtigst bekjendte Firma og det redebonneste Forskud. Det vil ganske bestemt ske den Dagen, vi for en kold og fuldstændig gagnløs Doktrin ofrer et hjerteligt Venskap med en Mand, som uden Kunster kan den Kunst at gjøre sig elsket af de forskjelligste Naturer og Evner.
 
Det vil, om ikke før, saa aldeles utvivlsomt ske den Dagen, vi er komne saa vidt, at vi sætter det Nationale ved en Bog i de to sidste Halvlinier paa Titelbladet.” Detta er norskt. Fyrst Pengarne, so ”personlige Hensyn” til Per og Paal, og so Landsens Æra – tilslut. Elder slett ikkje.
 
Um Nordmennerne er ”dumme”, skal me ikkje segja; men det er visst: dei er ikkje ”kaute”!
 

 

Frå Fedraheimen 08.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum