Ein Fritenkjar.

 
Ein Fritenkjar.
 Ei Forteljing or Samtidi.
 
 VII.
 
 (Framhald.)
 
No saag dei Prestegarden eit Stykkje framme; Hauk kvakk. ”No elder aldri!” tenkte han. ”Ser De, Ragna,” tok han i; Mælet vart ustødt; ”ser De, Ragna, eg er ein slik Mann, som hev sett meg fyre aa arbeida, og arbeida paa dei Vilkor, som Tidi byd . . . Det er harde Vilkor, helst her hjaa oss. Ingen Mann held ut, naar han ikkje hev Studning og Styrkjing i heil, ærleg Kjærleik...” Ragna vart rædd, glad, ør; ho skalv fyr at det skulde koma, det som ho helst i Verdi vilde høyra . . . so bøygde ho Samtalen av. ”Ja, Vilkori er ikkje lette,” sagde ho med tilgjord Ro. ”Tidi er vond; Trui er i Nedfall, vonde Magter bryt inn; her er Strid og Uro i alt; faae bryr seg um det, som skulde vera det høgste . . . So høyrer eg alle segjer . . . og det er væl sannt -?” – Hauk kvakk upp, som um han hadde set ein stupande Avgrunn gapa fram nedfyr Foten sin. Detta var nokot, han ikkje hadde tenkt paa -!
 
Kor i Verdi hadde han havt sine Tankar? Kor kunde han, med sine Meiningar, vilja gifta seg med ei Prestedotter og inn i ei Preste-Ætt? Kvat Rett hadde han, Kjættaren, til aa draga denne Gjenta inn i sin Strid? Og kvat vilde han med ei Kona, som ikkje forstod hans Tankar, ja som livde i Rædsla og Hat mot det, han heldt fyr sannt!?
 
Han fraus, han skalv; det lagde seg som ei isande Skodd fyr Bringa hans. ”Med mine Meiningar,” tenkte han, ”eg er rettlaus i detta Landet. Eg er utlæg . . . eg er fredlaus som Kain . . . kvar som finn meg; kann slaa meg ihel. Kor kunde no eg tenkja paa Kjærleik og Livsgleda? – Slikt er berre fyr dei, som høyrer med i Flokken.” Han kjøvde ned ein Sukk; det høyrdest som um han svelde Graaten. –
 
Ragna undrast paa, at han vart so tagall. Hadde ho sagt nokot dumt? Hadde han trutt, at ho ikkje vilde høyra Tale um Kjærleik? Hadde ho mistydt honom og so svarat paa ein slik Maate, at han forstod, at ho - - ? det gjekk rundt fyr henne. Ho vart oversleg rædd. Ho vilde gjerna gjera det godt att. Det galdt Livet!
 
”Frøken,” sagde Hauk. Ho skalv. ”De fær prøva aa . . . ikkje undrast paa meg. Eg er ... under serlege Vilkor . . . eg hev voret tankelaus . . . eg kann ikkje eingong forklara meg. Eg er slik stadd, at eg . . . berre hev ein Ting aa segja Dykk no . . . og det er Farvæl. Kvat De tenkjer, veit eg ikkje; De skal helder ikkje vita, kvat eg tenkjer . . . men ver sæl! sælare enn eg! Farvæl, Ragna! Gløym denne Kvelden. Takk fyr dei Stunder, me hev voret i Lag. Eg maa reisa i Morgo. Farvæl!” Dei var heime. Han sprang upp paa Kammerset og heiv seg i Sofaen. Kaldt og aalvorlegt tenkte han gjenom alt. ”Ja ja,” sagde han og reiste seg,” her er ikkje Raad. Eg maa segja Farvæl med alt. No kann eg vera sterk. No hev eg ikkje meir aa tapa.”
 
Han gjorde seg hard og gjekk ned i Stova. Prestefrua kvakk, daa ho saag kor bleik han var. ”Er De sjuk?” sagde ho. ”Nei, frisk som Fisken,” sagde han og smilte. Gav seg so i Prat med Hr. Flint.
 
Morgonen etter reiste Hauk. Presten var leidfyr detta, ja mest vond. ”Kann du ikkje halda ut her?” sagde han, halvt skjemtande, halvt arg. ”Hm,” svarad Hauk, ”her er ikkje fritt fyr aa teva av Inkvisition her i Huset i denne Tid.” ”Inkvisition?” spurde Presten saarad. ”Ja eg tenkjer paa den Guds Mann Kapellanen,” svarad Hauk. – Frua likad seg ikkje helder. Men ho hadde sine eigne Tankar, og tagde. Hans var uppi Under, fyrdi Hauk ikkje hadde gjort det av med Ragna. ”Du hadde fenget Ja paa fyrste Ordet, Gut!” sagde han. Hauk smilte saart og sende eit langt og sjukt Augnekast upp mot Vidauga til Ragnas Rom. ”Aldri eit Ord meir um det!” kviskrad han og reiste.
 
 
 VIII.
 
Otte Dagar etter stod der ei Brevsending i eit liberalt Blad, der det var gjort fæle Innhogg mot Prestarne. Dei var alle Ufridomsmenn og maatte vera det. Til Døme og Prov var det tilslut fortalt um Jolepreika aat Presten Vangen. ”Denne Mannen hev fyr liksom gjølt fyr Fridomsflokken,” stod der. ”Men no, daa det tek til aa verta Aalvor, daa vert Presten rædd og kastar ut Bannstraalen. So lengje Fridomen er berre ein Draum og ein Tanke, so kann Presten nok vera med; men prøver Ein aa faa Tanken inn i Livet, so vert det Djevelskap og Upprør. Det kunde vera til Mein fyr Prestegryta, maatru, og røra ved ”Pavekruna”. For Skilnaden millom den katholske Kyrkja og den lutherske Rikskyrkja er ikkje den, at den katholske hev ein Pave og den lutherske er pavelaus; men Skilnaden er, at den katholske hev ein Pave, men den lutherske Rikskyrkja mange.” – Tilslut kom det ei Innsmøygjing um, at det nok mindre var den gamle Presten, som hadde Skuldi fyr det som var sagt i Jolepreika; det var nok helst ein yngre Kar, Kapellanen, eit ægte Pave-Emne av den nye Pietist-Skulen, som Ein fekk skulda fyr det; for han hadde fenget Gamlen so under Svipa, at Ein snart kunde segja, at det var Kapellanen, som var Sokneprest i det Gjeldet.
 
Bladet med Brevsendingi kom til Prestegarden og vekte stort Uppstyr. Presten vart mest ør av Harm, og det ikkje minst yver det siste. Alle i Prestegarden var støde paa, at Brevsendingi maatte vera fraa Hauk. Balle drog paa Aksli og sagde: ”Ser De no, at eg hadde Rett?” – Hans var reint utav det og svor ”per Stygem og alt stygt,” at han aldri meir vilde hava nokot med den Skarven aa gjera. Og det skulde ikkje Ragna helder, lovad han med seg sjølv. Men Ragna var den, som tok tyngste Støyten.
 
Stakkars Gjenta. Ho hadde ikkje havt det godt i denne Tid. Hauks Framferd mot henne hadde voret so forunderleg, at ho var reint uppkavad av Tvil um hans rette Meining. Og denne Tvilen gjorde, at ho elskad meir og meir; men di meir ho elskad, di saarare vart Tvilen. Ho kunde ikkje tenkja paa annat enn detta. Alt det ho saag og høyrde, maatte minna henne um Hauk. Det, som heldt henne uppe, var den varme Voni lengst inne, at han nok likevæl heldt av henne. Men so kom Bladet. No var det greidt, at han ikkje brydde seg um henne. Hadde han gjort det, so hadde han ikkje faret so stygt mot den gamle gode Faer hennar. Det var tydelegt, at hans Framferd mot henne ikkje hadde voret annat enn Fjas.
(Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 15.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum