Utlandet.

 
Sverige. Kongen opnad Riksthinget Laurdagen den 18de Januar med ein Trontale. Talen inneheldt: Det hev ikkje voret nokot Skipl i Venskapen med dei framande Magter, og den indre Utviklingi i dei ymse Greiner av Styringi hev gjengjet langt fram. I Yverslaget yver Riksens Innkomur og Utgifter lyt de denne Gongen reikna paa ei Minking av Innkomorne. Det vert Naud paa aa minka Riksutgifterne og auka Skattarne. Fyrst og fremst vert det daa fyresleget aa auka Afgifti av Brennvinstilverknaden og Tollen paa Spritdrykkjer og Tobak. Det som vert att, skal dei freista aa faa inn gjenom ei liti Auking av Tollen paa Kaffe og Sukker. I Statsverks-Framlaget er det fyresleget aa auka Avgifti av Brennvinstilverknaden fraa 80 til 120 Øre, Tollen paa Raatobak fraa 29 til 42 Øre og paa verkad Tobak til 50 Øre, paa Kaffe med 1 Øre, paa Raasukker med 1 Øre og paa Finsukker med 1,2 Øre.
 
Frankrike. Som fyrr umnemnt hev ikkje Republikanarne voret fullnøgde med det Programmet, som Ministeriet hev lagt fram fyr Thingi, og det hev voret meint ymist um, antan Dufaure og hans Ministrar kunde halda seg elder ei. Det hev jamvel voret paa Tal, at Marskalken, Riksformannen, skulde vilja leggja ned Embættet sitt. Men det er Von til, at Ministeriet vil lempa seg etter dei nye Høve, og at Republikanerarne, som til denne Dag hev vist, at dei kann aga seg, naar det trengst, ikkje vil av det, at dei no hev fenget Magti, vera freistade til aa driva sine Krav til det ytste.
 
Tydskland. Kjeisar Wilhelm skal vera meint paa aa bjoda Europas Kongar og Kjeisarar paa ei Samstemna, fyr at dei skal semjast um Fyregjerder mot dei Serlag, som no fyr Tidi er so faarlege fyr Statarne og Samfundi, - ein heilag Alliance altso.
 
Fredgjerdi millom Ryssland og Turkiet. Det hev voret ventat, at den endelege Fredsemja skulde vortet underskrivi sinn Laurdag, men det hev enno ikkje komet nokor Tidend um det. Ryssland hev sleppt etter i syme Stykkje (Krigsskadeboti er nedsett til 100 Mill. Rublar) og gjenget inn paa, at Berlinsemja skulde stiga atti Staden aat San Stefano-Semja. Ryssland hev ogso gjevet upp Kravet paa, at Porten skulde binda seg serskilt framfyr Tsaren til aa uppfylla Berlinsemja, nokot som vilde sett Ryssland i eit Serhøve til Turkiet framum dei andre Magter. Det var dessutan tvo andre Punktar, som Lobanov ikkje vilde ganga inn paa utan serlege Fyresegner, men i desse skal Ryssekjeisaren ha vist seg vægjen. Ryssarne bur seg alt til aa forlata Adrianopel, og Turkiet til aa minka Heren sin, naar dei ryske Tropper hev dreget seg utor Rumelia.
 
Svartdauden (Bubonpesten) hev vist seg i dei sudøystre Fylkje av Ryssland; dei fleste som fær Sotti, ryk med, men ho hev ikkje komet so vidt utyver enno, er det likt til. Styret gjer alt det kann til aa stagga ’a.
 
Afghanistan. Det var Quettaheren, som hersette Kandahar, og denne Avdeildi, som i Fyr- steluten av Herferdi saag ut til aa ikkje skula koma frami, hev soleids gjort det største og heppnaste Varpet, som er gjort i denne Krigen. Khyberheren derimot stend uverksam i Jellalabad, bidande etter, korleids det skal laga seg i Kabul, og Kurumheren, som elles og hev nog med aa greida seg fyr Bergfolki, hev ikkje vaagat aa forfylgja sin Siger ved Pishin den 2dre December og ganga yver Shaturgardanskardet. Det ser ikkje ut til, at Kandahar hev fallet i Henderne paa Engelsmennerne utan Strid. Iminsto er det fortalt i eit Telegramm til Standard, at Hestfolket aat Quettaheren den 6te i d. M. vann ein Siger yver Afghaningarne, og at desse miste 25 daane, 9 saarade og 20 Kanonor. Fyr Engelsmennerne vart det 11 Mann saarade.
 

 

Frå Fedraheimen 22.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum