Um Passatvindarne og et Spursmaal, som heng ihop med dei.

 
 I.
 
Den varme Lufti er lettare enn den kalde; difyr stig ho tilvedrs og flyt ovanpaa. Detta kann me sjaa i Stova vaar, naar me elder i Omnen. Den Lufti, som er nærast Omnen, vermest upp og stig uppunder Loftet, so der vert varmare enn nedmed Golvet. Etterkvart som den varme Lufti stig tilvedrs, kjem det strøymande ny og kaldare Luft innaat Omnen breiddmed Golvet; der gjeng soleids ein jamn Straum av kaldare Luft ifraa Vindauga - breiddmed Golvet – innaat Omnen. Men uppunder Loftet gjeng det og ein Luftstraum; for naar den kalde Lufti strøymer vekk ifraa Vindaugat, so vert det der eit tomt Rom, som lyt fyllast. Og detta gjeng fyr seg paa den Maaten, at den Lufti som stig upp attmed Omnen, ho strøymer breiddmed Loftet burtaat Vindaugat att, og der sig ho ned – kolnar – strøymer aa nyom langs Golvet burtaat Omnen – vermest upp att – stig tilvedrs o. s. fr. (At det og kjem ny Luft inn i Romet, gjenom Rivur i Veggjer, Dør og Vindaugo, tek eg ikkje her med). Naar du elder i Omnen i Romet ditt, kjem det soleids upp tvo Luftstraumar: ein av kaldare og tyngre Luft, fraa Vindaugo langs Golvet til Omnen, og ein annan av varmare og lettare Luft, fraa Omnen langs Loftet til Vindaugo. Straumarne gjeng soleids kvar sin Veg. Detta kann du lett sjaa, dersom du læt nokre tunne Papir-Remsur hanga uppunder Loftet og nokre nedmed Golvet.
 
Nett so som her er utgreidt heng det ihop med ”Passatvindarne”. I Varmebeltet (millom Vendekrinsarne, 23 ½ o paa baade Sidur av Ækvator) fell Solstraalarne mest loddrett ned paa Land og Sjø, og daa hev dei mest Magt til aa verma. Dermed vert Lufti innanfyr detta Umkvervet – og allermest ved sjølve Midlina – vermt meir upp enn Lufti paa andre Stader, og difyr stig det meir Luft tilvedrs der enn nokon annan Stad. Men det lufttunne Romet, som soleids lagast nedmed Jordflata der nede ved Midlina, lyt fyllast, og detta gjeng fyr seg paa den Maaten, at ny og kaldare Luft kjem strøymande baade fraa Nord og Sud. Desse Straumarne er Passatvindarne. Paa den nordlege Halvkula (Nordholva) skulde etter detta ”Passaten” vera rein Nordanvind og paa Sudholva rein Sunnanvind. Men me veit, at so er det ikkje. Nordanfyr Midlina er Passaten ein Nordaust, sunnanfyr ein Sudaust, og baade tvo vert meir og meir austlege, di nærare dei kjem Midlina (Ækva- tor). Men detta kjem av, at Jordi sviv. Naar ei Kula sviv rundt ikring Akselen (Aasen) sin, so hev Punktarne kring Midlina størst Fart, av di at dei hev lengste Vegjen aa ganga, fyrr dei kjem rundt. Punktarne ”nordetter” og ”sudetter” sviv med mindre og mindre Fart, di lenger dei ligg fraa Midlina, og sjølve ”Polarne” ligg stilt. Ein Punkt nedmed Midlina paa Jordi sviv soleids med ei Fart av innpaa 4 Miler i Minuttet, medan ein Punkt paa same ”Breiddgrad” som Kristiania sviv berre Helvti so fort. No hev Lufti paa kvar Stad same Svivingsfart som Staden sjølv. Naar no ei Luftmengd strøymer nordanfraa (elder sunnanfraa) nedmot Ækvator, so kjem ho dermed til Stader, som sviv fortare enn den Staden ho kom ifraa; men sjølv vil ho, fyr Skuld ”Staheiti”* 1) freista aa halda fast paa den Svivingsfarti, ho hadde fraa fyrst av. Og daa er det greidt, at ho vert liggjande etter fyr dei Stelle, som ho strøymer ned imot. No sviv Jordi fraa Vest mot Aust. Di nærare Ein kjem Midlina, di fortare flyg Jordflata rundt – med alt som paa ’a finst i m o t Aust. Den Luftstraumen, som no kjem t. D. fraa Nord, hev som sagt, mindre Svivingsfart i seg (mot Aust) enn Jordflata ved Ækvator, og han set seg, som sagt, imot all Auking av Farti i di han stryk sudyver. Lat oss no tenkja oss, at me stend einstaden der sud mot Midlina med Andlitet vendt mot Aust. Av di at no me – med Jordflata – flyg fortare mot Aust enn den Luftstraumen, som kjem rennande inn fraa Nord (elder Sud), so vil det kjennast fyr oss, som Lufti stod so halvt inn imot Andlitet vaart, elder med andre Ord : som um Luftstraumen kom so halvt austanifraa. Den Luftstraumen, som kjem nordanifraa, maa soleids greidt kjennast som ein Nordaust der i Varmebeltet, og den, som kjem sunnanifraa som ein Sudaust.
 
Passatvinden bles stødt og jamt heile Aaret paa dei store Hav-Vidder: Atlanterhavet og Stillehavet. Naar Sjømannen naar inn der dei bles, so hev han gode Dagar. Lufti er som oftast klaar og rein, og Kulingi so jamn, at han ofta i fleire Døger ikkje tarv røra Segli. Nordaustpassaten raar ifraa 30 o nordl. Br. og ned til 5-10 o nordl. Br. Sudaustpassaten fraa 30 o sydl. Br. og upp til nokot nordanfyr Midlina, men røkk ikkje ihop med Nordausten. Imillom dei ligg ”Stillebeltet” nærast nord um Ækvator. Skal eit Skip fraa Norig gjera ei Reis til Brasilia hell Vestindia, legg Skiparen fyrst Leidi langsmed Frankrik og Portugal, so han kjem inn i Passaten, og so legg han i Veg vestyver. – Paa dei store Fastlandi raar ikkje Passaten so einveldugt som paa Hav-Viddi; for der rettar Luftuppvermingi seg ikkje einast etter Breiddgraden, men og etter Jordlaget og mykje annat.
 
Kor vert det no av den uppvermde Lufti, som stig tilvedrs i Varmebeltet nedmed Midlina? Ho flyt nordetter og sudetter ovanum Passaten til aa fylla uppatt det lufttunne Romet, som Passatstraumarne læt etter seg paa dei Stelle dei gjeng ut ifraa. Ovanum Passaten skulde det soleids paa Nordholva blaasa Sunnanvind og paa den sudlege Nordanvind. Men so er det Jordsvivingi att. Den Lufti, som stig upp nedmed Ækvator, hev større Svivingsfart mot Aust (elder fraa Vest) enn dei Staderne i Nord og Sud, som ho strøymer av til. Ho synest difyr blaasa med eit meir og meir vestlegt Drag, di lenger ho kjem burt fraa Midlina, so at ” Motpassaten” paa Nordholva ikkje vert rein Sunnanvind, men Sudvest, og paa Sudholva ikkje rein Nordanvind men Nordvest, Detta kann Ein endefram sjaa i Passatbeltet. Dei lette Skyerne høgt uppe driv beint imot Vinden nedmed Jordflata.
 
Til no hev Theorien (Læra) og Røynsla ikkje vist nokor Usemja. Men Røynsla fortel oss nokot meir um Passaten og Motpassaten, som Theorien ikkje hev so lett fyr aa greida. Motpassaten, som me just talad um, søkk ned mot Jordflata paa 30 o Nordbreidd og 30 o Sudbreidd – paa Lag der, som sjølve Passaten kveikjest -, og bles no vidare breiddmed Jordflata same Leidi som han fyrr hadde uppi Lufti. Paa umpass 30 o Nordbreidd gjeng det soleids ut tvo Vindstraumar breiddmed Jordflata: 1) Nordaustpassaten, som bles ned mot Ækvator, 2) Sudvestpassaten, som gjeng mot Nord. Imillom desse ligg berre eit smalt Belte, som vert nemnt ”det nordlege Stillebelte”. Sameleids gjeng det paa Sudholva. Der hev me paa umpass 30 o Sudbreidd ”det sudlege Stillebeltet;” detta skifter millom Sudaustpassaten og Nordvestpassaten, som her fell ned mot Jordflata og so bles vidare same Leidi sudetter. – Men er ikkje Vitskapsmannen rett glad i detta, so er Sjømannen so mykje gladare. For Sudvestpassaten er hans gode Ven, naar han fraa Amerika skal sigla heim til Europa att. Kolumbus hadde nok Greida paa detta han med. Han siglde seg fyrst inn i Sudaustpassaten, som skytsad ’n yver til Vestindia, og daa han skulde heim att, siglde han seg nord i Sudvestpassaten, og heim bar det. Motpassaten stend likevæl ikkje paa jamt med sjølve Passaten i Stødleik og Varand. Utanfyr Landsstrondi vaar raar nok Sudvesten dei fleste Dagarne i Aaret, men han maa lell jamt sleppa Taket fyr einkvar av dei mange Medtevlararne sine. – Grunnen til, at Motpassaten fell ned mot Jordflata der Passaten stend fram, er ikkje fullt klaar; me skal her lata det Spursmaalet liggja.
 
*1) ”Trægheden” (sjaa Fedrh. No. 9 1877).
 

 

Frå Fedraheimen 25.01.1879

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum