Selljord Prestegreidur

Selljord Prestegreidur. Nei no bli dæ reint sorgale mæ Prestegreiunne her i Selljor. No liver me under ein slik Ragnarok, som vel aller Selljors Menigheit kann minnast. Dæ æ Brøanne Presten Barth aa Futen Barth, som eit Aars Tid heve fengje upp denne ukoselege Røra. Aa under alt detta høyrer aa ser me no so mange rare Ting, at me vel aller hev høyrt aa set so mykjy rart sea her kom lutherske Prestar til Selljor, kanskje inkje daa her var katolske helder! Aa me høyrer dæ inkje bare som Sogur, men likefram i Or aa Framfær. Alle undrar seg aa heve undra seg alt ifraa me fekk denne merkjelege Mannen her ifjor Vaar. Some lær, andre rister paa Hovue aa veit inkje hori dette skaa ende. Du hev fulla høyrt um den morosame Storsjauen mot Arvesen aa Folkehøgskulen; dæ var mest tragikomisk dæ, men kanskje mest komisk endaa, for baade Arvesen aa dei vitugaste aa vyrdlegaste av Byg- defolkje maatte regtig storlæ, daa Presten skulde klare for seg i den Sakji. Men no paa dæ seinste heve Mannen byrja paa nye Bragder. Nokle av dei beste av Læraranne, derimyllom tvo av Klokkaranne, æ no beint ut truga mæ Avsetting, for dæ dei heve gjengje aa høyrt Arvesen, endaa dei hadde Lov til dæ baade av Skulekommissjonen aa av Presten. Maaten som denne Avsetting skaa bli gjort paa, gjenge der dei underlegaste Segner um. No skaa nokk tvo av dei beste Læraranne i Flatdal for Alvaar kastast paa Trokkji av den same Grunnen. Ja her bli Skodespil!
 
Alles Spursmaal er no: Kor lengje skaa dette vara? Er dæ mougeleg, at sovore Prestestell kann gange lenger? Vil inkje snart Bispen koma hit aa etterrøkje Prestens Framfær, so bli her snart forgale. Tvo av Mæhjølparanne heve alt sagt ifraa seg Yrkje sitt; eit Par andre er i Tankar um aa gjera dæ sama, aa Presten seie beint ut, at han korkje vil høyre paa Mæhjølparanne sine elder paa Menigheiti. Han som Prest i Selljor maa einaste vita, hot som er dæ beste, seie han.
 
Ja no saknar me saart vaare Kappelanar Bye aa Synnes, som livde so væl myllom oss, aa som hadde so mykjy gott aa seia oss.
 
Selljor den 15 Febr. 1879.
Jørund Telnes.