Hr. Bladstyrar!

I Fedraheimen No. 77 for hitt Aaret skreiv De om, at ei ny Noregssoga snart er ventande fraa ein Mann, som me trur kjem til aa skilja seg fint fraa det Arbeidet. Me var mange, som vart glade yver detta, og me vilde gjerna vita, om Boki vert aa faa i dette Aar. Nokre Ord herom tore eg beda Dykk setja i Fedraheimen.
                                               
O. J.
           
             
Den umskrivne Boki kjem ut til Sumaren paa Det norske Samlags Forlag.
           
-Til ein annan Brevskrivar, som spyrr etter ei norsk Abc-Bok, kann me ikkje svara annat, enn at det væl snart er ventande ei slik fraa Vestmannalaget, som me veit hev fenget tilsendt fleire Utkast.
 
Uppskrift yver Bøker til ei Bygdeboksamling skal me sjaa aa faa istand med det fyrste.
 
Bldst.