[Vaarsildfisket]

Vaarsildfisket,skriv ein Innsendar fraa Stavangerkanten til oss, kom so velsignad rikt iaar, at det er lenge sidan Garnfiskarar hava tent so godt. I dei gamle gode Fiskeaar galdt det fyr eit framifraa godt Fiske, naar dei kunde tena 300 Dalar paa Baaten; iaar hava dei fleste Baatarne 400, 500 endaa upp til 800. Enno er ikkje alle Voner fyr Fiske ute; men dei tru no helst, at det ikkje vert stort meir no. Sildi hev haldet sig ute paa Havet; innmed Land hev ho voret berre med Utsira. Der hava dei havt nokre Laasar, so at enkle Notalag ogso hava tent nokot; men best hava dei gjort det med Garn og Pøsa- (elder Snørpe-) Nøter. Det treffer seg so heppet, at dei armaste Fiskarar oftaste er med paa ein Garnbaat, - for det skal der minst Utlegg til, - og dei hev tent gilde Pengar. Alt i alt er det ikkje stor Sildamengd, som er uppfiskat likavel; men det er god Vara, og ho hev voret i høg Pris. Fortenesta kjem nok helst til Skutenesøyno; Fiskararne derifraa skal i det heile hava fiskat myket betre en dei fleste andre. Det syner ogso att i Byarne og hjaa Landhandlarar. Der kjem no ofta Folk baade med Hundrekrune-Setlar og større Setlar og vil betala Skuld. I desse pungetronge Tider kjem det sjølvsagt vel med. Det galnaste er, at dei no betala gamall Skuld og vil borga att fyr større Sum. Det er Vis det med Fiske; tenar ein godt eit Aar, so skal der kostast dubbelt paa Fiskegreidur til det næste, og daa kann det verta mest berre Tap. Visst er det, at Folk gleder seg yver, at Sildi er komi so mykje att. Det er tungt fyr mange Bygder, der Gardarne er so sundskifte, at det mest berre er Strandsitjarar, som bu der, naar Fiske fleire Aars i Rad vert klent.