Lysingar.

Ve Vonheims Folkehøgskule
 
vert Skule for vaksne Gjentor fraa 1ste Mai 3 Maanar. Skulepengar Kr. 8, for stuttare Ti Kr. 10; fleire kan faa gaa fritt, berre dei søkjer um. Ein Del kan faa Hus og Kost hjaa I. Bøhn for Kr. 24, alt for Maanaen. Sengklæe, um dei vil, Kr. 2 for heile Tii; Lakan og Handklæe lyt vera mehavt. Gjentorne maa hjelpa til litt i Huse etter Tur. Lærarar er Ingvar Bøhn og Frits Hansen; Bruun held ein Del Fyredrag. Rettleiing i Handarbei dessforutan. Lyt skriva seg hjaa Bøhn, Foldbu, Gausdal, fyre 20de April.
 
 
Folkehøgskulen paa Vigmarki med Grimstad held Gjenteskule fraa 1ste Mai til siste Juli. Maten og Husværet koster 28 Kr., Skulen 8 Kr. Sengklæde lyt ein taka med seg.
                                               
V. Ullmann.
 
 
                       
Fedraheimen
 
eit frilyndt Folkeblad paa norskt Maal, kjem ut i Kristiania kvar Onsdag og Laurdag og kostar med Postpengar 2 Kr. 20 Ø. fyr Halvaaret. Det inneheld: Forteljingar (nye og umsette), Dikt, Folke-Eventyr og Segner, Avhandlingar um Dagsens Spursmaal, Reise- og Naturskildringar, Skule-Artiklar, Brevsendingar, Nytt fraa Innland og Utland, ledige Lærarpostar, Rispur o. m. Ymse Stykkje er paa Bygdemaal.
           
Dersom Ein tingar og betalar fyr heile 1879 no strakst, kann Ein faa heile Aargangen 1878 fyr ein Pris av Kr. 2.40, so langt Upplaget rekk. Betalar Ein fyr 6 Ekspl., fær Ein det 7de fritt. Prøve-Nummer kann Ein faa, naar Ein skriv um det til Ekspeditionen. Brev um Prøve-No. er ikkje portofrie.
           
Ein kann tinga Bladet paa alle Posthus og Brev til Fedraheimens Ekspedition, Kristiania Pengar maa fylgja.
 
 
Naar du sender Pengar til Fedraheimen, so faa altid Postkvittering fyr dei. Dersom daa ikkje Bladet kjem um ei 14 Dagars Tid, so skriv til Ekspeditionen um det, og send Kvitteringi, so skal Eksp. sjaa aa gjera Greida.