Um Jordbruket.

[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
(Framhald fraa No. 23.)
 
Eit av dei fyrste Krav til eit vitugt Jordbruk er, at Jordi maa vera væl av-veitt. Væl krev detta mykje Arbeid og vert dyrt; men vert det godt gjort, løner det seg lell. Veitingi er gagnleg i fleire Maatar; det er ikkje komet berre i det, at Vatnet vert ut-tømt, men i di Lufti dermed slepp inn i Jordi gjenom dei Aarer og Gangar, som fyrr var fyllte med Vatn, so hjelper ho til gjenom kemisk Verksemd aa skilja ut sure og andre slike Forbinningar, som er meinsame fyr Voksterkulturen. Samstundes uppløyser og uppmorknar ho ymse Steinto, som fyrr var ubrukande til Plantenæring, so dei no vert til Gagn, og soleids aukar ho Berekrafti i Jordi. Endeleg aukar ho Varmen og avhjelper ymse fysiske Veilur, som kann vera ved Jordi hellest.
           
Desse Vinningar av Veitingi varer ikkje berre nokre Aar, men vil veksa i større og større Mun med kvart, so lengje Veiturne er i Stand. Og med di Jordi soleids kjem upp i ein større Kultur, vil ho og gjera større Gagn av det aarlege Arbeid og Hævdingi. For naar Jordi er væl avveitt, vinn ho umframt alt det andre større Absorptionsevne dvs. Dug til aa taka upp i seg og halda paa plantenærande To, som hellest lett gjeng burt, anten gjanom laus Botn elder helst som Eim (Gas). Naar det no er so gagnlegt aa veita, skulde Ein tru, at Ingen hev Raad til aa lata det vera, og Spursmaalet vert daa, korleids Ein skal fara aat fyr aa faa Veiturne i den rette fullgagnlege Skikk.
           
Nokot med det fyrste Ein maa sjaa til, naar Ein grev ei Veita, er, at ho fær høvelegt Fall. Fær ho for litet Fall, so fører ho ikkje Vatnet godt fram og vert snarare til-dyttad med Sand og Mold; er Fallet for stort, so kjem Vatnet til aa strøyma for sterkt paa, so det et upp Botnen og Sidurne og Veita rauser ihop og kjem i Ulag. Det kjem hellest mykje an paa Jordi, um Fallet skal vera stort elder litet. Ei tung fast Jord krev soleids større Fall enn ei laus og lett.
           
Veiturna kann vera stengde (lukkede) elder opne. Er dei opne, maa Sidurne sneda (ganga paa skjønsk), so dei ikkje trast skal siga ihop att. I fast Jord, som Leirjord, maa dei liggja 45 o paa Sned, og daa vert Breiddi ovantil so stor som 2 Gongjer den loddrette Djupni + Breiddi i Botnen. Dei stel soleids burt so mykje Jord og er so heftesame fyr Jordarbeidet, at kann Ein paa rimeleg Maate skaffa Stengje-Vyrkje, so bør Ein fylla dei. I laus og djup Myr er likevæl dei opne best, av di Myri vil siga ihop etter kvart som ho turkar, so Veiturne rett som det er maa takast djupare; men naar Myri fastnar til, so bør dei stengjast her med. Til detta kann Ein bruka Røyr (Dræneringsrøyr), Stein og Ris, og i seig Torvjord kann Ein bruka sjølve Torva. Brukar Ein Røyr, maa Veita ikkje vera breidare i Botnen enn at ho just tek Røyren. Naar Veita er gravi og all Røyren upplagd i Rad paa den eine Sida av Veita, so byrjar Ein Nedleggjingi ovanifraa. Øvste Enden av det fyrste Røyrstykket maa Ein tetta til med ein Trepropp elder Stein, so Lausmold ikkje slepp inn, og av same Grunnen maa Ein leggja litt Mose yver og under kvar Skaute 1 ) . Der ei Tverveita gjeng ut i Avføringsveita 2 ) maa der gjerast Hol i Røyrsida, so Vatnet frem den fyrste slepp ned i. I Avføringsveita maa Ein bruka større Røyr enn i dei andre.                                          
 
( Meir.)
 
1)  Sammenføining. 
 
2)