[Det norske Samlag]

Det norske Samlag heldt Aarsmøte Thorsdag den 3dje April.  Me skal gjera eit Ordrag av Rekneskapen fyr 1878 som iaar berre var 11  Maanar langt, daa Styret hadde fastsett, at Rekneskapsaaret skulde høva saman med Kalenderaaret.
 
                        Innkomur:
I Kassa fraa 1877 .  .  .  .  .  .                       Kr. 195.60 
Medlemspengar .  .  .  .  .  .  .                     1764.00
Selde Bøker .  .  .  .  .  .  .  .  .                      226.93
                                                            Kr 2186.53
 
                        Utgifter:
Prenting, Bokskrivarløn .  .  .  .                  Kr. 1118.41   
Bokbindararbeid .  .  .  .  .  .  .                         104.76
Bok- og Brevporto, Umbering .                         420.26
Lysingar m. m. .  .  .  .  .  .  .  .                       121.82
Løn til Kasserar og Ekspeditør .  .                     240.00
                                                                   Kr  2006.25
I Kassa 31te December 1878 .  .                    180.28
                                                                   Kr. 2186.53
Samlaget eig uselde Bøker fyr . .              1400.00
Utestandande Aarspengar .  .  .  .            2048.00
                                                                   Kr. 3448.00
men skulder .  .  .  .  .  .  .  .  .  .                         910.77
Nominelt Yverskot .  .  .  .  .  .                   Kr. 2477.23
           
Formannen, Student Arne Garborg, bad seg fri fyr Atterval, i hans Stelle vart vald Sekretær Hølaas, medan Garborg vart sett inn i Styret, som vart det same som fyrr: Hølaas, Garborg, Kand. Ross. Alle dei andre Styres- og Embættesmenn vart uppattvalde, so nær som at eine Revisoren, Skulestyrar Qvam hadde fraabedet seg Val paa nytt. Student Eliassen kom i hans Stad. 
           
Formannen upplyste, at Styret hadde sendt til Utgjevaren av Norges Statskalender ei Fraasegn um norske Samlaget, korleids det var lagat og kvat det gjekk ut paa, fyr at det kunde setjast upp i denne Boki, som hev Statshjelp saman med andre slike Samlag, som det stend umskrevet so mange av der, baade større og mindre enn norske Samlaget. Men Styret hadde fengjet Avslag. Det var svarat, at fyr Framtidi var dei tenkt paa berre aa taka upp i Boki slike Samlag, som hadde Tilskot av Rikskassa elder aatte Legatpengar; det skulde vera Grunnen. Men me ser no det i den siste Kalenderen, som kom ut fyrst paa Nyaaret, at det endaa stend der mange Smaalag, som ikkje hev det Slag Statshjelp elder eigne Kapitalar. Var det so likt seg.