[Notisar]

Kristiania, den 4de April 1879.
 
Storthinget. No fyrst i Vika her fekk Thinget Svar fraa Kongen paa denne Paamaningi, som det sende honom, um at heile Landet fær sleppa Bataljonseksis iaar, fyrdi det er so klene Tider. Jau, dei skal faa sleppa det fyr iaar, hev han sagt. - Og so skal Thinget faa vera saman utyver Tidi iaar og, hev han sagt. Det er mange store Saker att endaa, so dei kann ikkje gjera fraa seg fyrr sist i Mai. Men dei vert væl paahaldande endaa lenger iaar enn som ifjor, er det Von. Odelsthinget balar med den kommunale Skattelog endaa.
 
Statsminister Stang hadde no Onsdag stadet i Rikstenesta i 50 Aar. Den 2dre April 1829 var det han vart Embættsmann, kongl. Fullmegtig i Justitsdepartementet; same Aaret gjekk han yver til aa verta Lærar i Jus ved Universitetet. Det var daa han skreiv Storverket sitt: Systematisk Fremstilling af Norges konstitutionelle Ret. 1834 strauk han fraa Universitetet att og vart Advokat, og 1846 kom han inn i Kongsraadet som Styrar av Indredepartementet. 1855 var han klar, so han daa gjekk ut or Regjeringi. 1860 vart han Ordførar i Kristiania og gjekk 1861 att inn i Regjeringi, 1873 vart han utnemnt til Statsminister. Byfolket heldt svær Stas og Høgtiding fyr honom no Onsdag, og Utsendingar fraa ymse Samlag møtte fram og heldt Talar fyr honom, og ikkje vantad det der paa Lovord, flaggat vart det og sume Stader, og um Kvelden kom Handelsfolket og song aat honom.