Bondereisningi i Wolovce.

[Del 1 av 8.]
 
Umskrivet fraa Tydsk ved Kristofer Janson.
                         
Inleiding.
 
Det som eg her heve umskrivet, er teket or ei Bok, som heve vekt ein stor Stir i Tyskland. Boki heiter aus Halbasien (ifraa Halv-Asia), og Mannen, som heve skrivet henne, kallar seg Karl Emil Franzos. Boki inneheld Skildringar fraa Galicia, Polen, Buskovina, Wallakiet og Moldau. Diktaren er fødd og uppalen millom dei Tilstand, han skildrar, og han borgar fyre, at det er sant kvart Ord, han segjer. Han heve og sett som Inleidingsord til Boki: Sanningi skal sigra. Og han kann nog hava Bo at segja detta fyreaat; for annars vilde ingen tru, at slikt var mogelegt i vaart Aarhundrad. Det er forfælande Ting han avdukar. Ein fær læra at kjenna ein skamlaus, sedlaus, raariken (herskesjuk), Adel, eit krjupande, samvitslaust, uretferdigt Embettesstand, ein Aalmuge i Trældom og forfælande Vankunna. Diktaren heve soleides forstirt seg paa all Usseldomen og Styggedomen i sitt Fedraland, at han heve teket Skade paa si Sjæl. Han heve mist Trui paa, at det finst ein almegtig og kjærleg Gud, for korleides kunde han daa lata slikt henda? Han spottar endaatil denne Trui, med Maalet liksom kjøvt av Graat og Hjartat sundbrotet av Sorg. Slike Slengeord stryk eg, daa dei ingen Ting kann gagna. Men ein merkar paa den skjerande Tonen, som gjeng gjenom Boki, eit brennande Hat mot Urett og Vald, og brennande Elsk til det toluge, støe, bundne Folket. Eg trudde, det kunde vera forvitnelegt at faa høyra litet derifraa, baade fyredi dei Bygderna dernede liggja som reint ukjende Vidder fyre oss og fyredi alt som Soga heiter, som sannferdelegt er, altid maa hava sitt Verd, um det er aldri so fælt. Sanningi skal ein inkje vera rædd fyre at ganga under Augo. Og so er Spursmaalet um dei slaviske Folk eit brennande Spursmaal no um Dagen. Dei Folk hava endaa inkje gjort si Gjerning i Mannahavet, som dei romanske og germanske Folki. Det æser og syd dernede. Dei slaviske Folki vil samla seg kring Rusland som Merkesmann, og Kongarne i Europa skjelva paa Kongsstolom sine, og Diplomatarne vimra rædde ikring fyre denne kvite Draugen.
           
Fyrr hava dei slaviske Folk mest boret Bod ifraa seg gjenom sine hugtunge, songdjupe Folketonar, gjenom sine poesirike, yndefulle Folkevisor. No er det slaviske Diktarar, som spela fyrste Fela i det europæiske Samspelet, slike som Turgenjev, Sacher Masoch, Maurus Jokai o. fl. Men ved at lesa deira Skildringar ser ein og, at det maa vera paa det trælbundne men natursterke Folket, at Slaverne maa byggja si Framtid. Dei høgre Lag i Samfundet er reint rivne med av den europæiske Forderving, Sedløysa og Gudløysa. Men at det er langt fram, fyrr Storparten av det slaviske Folket kann vera med, det kann ein sjaa av det, som eg her skal bera fram. Folket er utruleg vankunnigt. Det kann korkje lesa elder skriva. Dei tru paa Keisaren liksom store Born paa Fader sin. Dei tru, det er Keisaren, som snakkar i Telegraftraaden med Embættesmennom sine. I Gullsalen paa Kongsgarden i Wien elder Petersborg legg han sin naadige Munn til den forgylde Enden paa Telegraftraaden, og so gjeng Ordi fraa Stolpe til Stolpe. Difyre ser ein tidt Bønder standa lydande, med Øyrat klembt inn mot Telegrafstolpen og med Hatten av, men han talar so laagt, at dei inkje kann skilja det. Ein Gong heve ein Bonde vissat Diktaren, at han høyrde skilet Keisaren sagde aat Embættesmennom sine: de Svinehundar! næste Gong kjem eg med Svipa yver dykk.
           
Dette, som her skal verda fortalt, hendde fyre 18 Aar sidan i Podolia, og i det Stykke av Landet, som ligg under Austrike og høyrer til Galicia. Bondefolket der er rutheniske Folk, og dei skal vera med dei beste millom Slavom; men Adelen er Polakker. So er det og ei heil Mengd med Jødar der. Naar de hava leset denne Soga, vil de læra at takka Gud fyre, at me er fødde i Noreg og inkje i Podolia. For vel kann sumt her vera sømnugt og seigt og under Trykk, men aldri soleides, at me skal vera nøydde til nokot Slag Uppreist fyre det; takka fyre, at me er eit loglydugt Folk, som kann faa sin Rett paa fredeleg Maate.
                                   
Kristofer Janson.
 
 
Bondereisningi i Wolovce.
 
Bondebyen Wolowce atmed Barnow er eit stort, fagert Gods. Han, som eig det, kann liva eit gasta Liv. Han kann stundimillom fara til Paris, og der driva med Skræddarar, Spilarar og lause Kvinnfolk, so myket han lyster. Men Maate med alt. Og naar Mannen i heile 10 Aar inkje bryr seg det ringaste um Eigedomen sin, men berre vil gleda Parisarfolket med sitt naadige Andlet, so lyt han heim det ellevte, og daa ja daa koma dei forbannade Jødarne rennande med Rekning paa Rekning. I Fyrstningi kann ein vel kaut kasta deim ut; men so lyt ein leggja Renta paa Renta, og sidstpaa lyt ein beda fint, um ein skal faa laana so myket som 100 Dalar.
           
Detta var, stutt sagt, Soga til den adlege Herren Wincenty Barwulski. Der sat han no i den myrke, forfalne Borgi si og stridde med Tungsinn og stridde med Jødar. Han var ellest ei god Menneskja, ja rett ei Mynstermenneskja denne Herr Wincenty. Det at ganga og driva hatad han som Pesten. At sitja og gjeispa um Efta og snarka um Kvelden tykte han var det verste, han kunde tenkja seg. Difyre spilad han flaa Gjeiti baade um Efta og Kveld og langt ut paa Notti. Den, som spilar Kort, han gjerer daa nokot, han sit og tapar Pengar. Ja stundom kann han og vinna, men det er sjeldnare. Og so var det ein Ting til, denne gode Hr. Wincenty hatad likso myket som at ganga og driva, og det var Brennevin. Drammen er ei Forbanning fyre Mannaætti, sagde han. Og difyre slo han honom ned, kvar han raakad honom, i utrulege Mengder. Det var det same, um det var Kognak elder Finkel. Kar einaste Nott slo han eit Slag med Brennevins-Djevelen; kvar einaste Nott vardt han yvervunnen og seig utpaa Morgonsida under Bordet. Men med Middagsleite reiste han seg atter og slo Slaget paa nytt med friskt Mod. Han gav inkje Pardon, og han kravde ingen ja det var ein god, ein herleg Mann denne Hr. Wincenty. Men denne Kjempesjæl var ogso veik og var stundom kløkt (rørd). Hr. Wincenty kunde inkje trotta at sjaa ei Kvinna graata, i det minste inkje si eigi Kona. For han hadde gift seg, strakst etter han var heimkomen fraa Paris; han matte fri seg fraa Tungsinnet, og han matte fri seg fraa Jødarne. Ei rik Adelsjomfru hadde han inkje funnet, berre ei Skulemeisterdotter. Men ho var inkje som andre Skulemeisterdøtter denne.
                                                           
( Meir.)