Utlandet.

I det engelske Yverhus, i Møtet den 28de Februar, aamaalad Lord Huntley um den Vantrivnaden, som var yver Handel og Jordbruk og manad Regjeringi til aa granska etter Grunnarne til detta. Lord Beaconsfield sagde i sitt Svar, at han ikkje trudde, at Landbruket vilde verta hjelpt med ei Minking av Skattarne. Det noverande Naudhøve var utan Fyredøme. Det hadde sin Grunn i det, at Tollverndi var burtteki, fyrdi at Tevlingi med Utlandet hadde voret uheppeleg fyr det engelske Landbruket. Handelen var likeins i eit nedtrykkt Tilstand, men det kunde daa ikkje liknast attaat det, som Landbruket var i. Jordbruket hadde minkat i Tevlingi med Utlandet, men Englands Handel med Utlandet hadde vakset. Handelen leid berre under dei laage Prisar, og desse var ei Fylgd av, at dei nye Guldlægje var funne i 1852. I seinare Tid hadde dei i mange Land innført Gullmyntfoten, og det hadde gjort Nedgang i Verdet aat Sylvet. Ei Gransking av Handelsgreidurne vilde ikkje føra til nokot; derimot var det kannhenda ynskjet aa sjaa etter Orsakerne til Brigdi i Metalverdet og den Innverknaden, dei hadde paa Handelen.
           
Krigen med Afghanistan herder paa. Det er telegraferat fraa Kalkutta til Standard, at Fredstingingarne med Jakub Khan hev stanat, og at det er gjevet dei engelske Tropper Order til aa ganga fram mot Kabul.
           
Frankrike. Uppeglingi imot Skulelogerne hans Jules Ferry er i Vaksande fraa Prestarne si Sida. Senatet hev med eit Yvertal av 31 R. vedteket aa setja ut Spursmaalet um aa flytja Thingi til Paris. Det skal vera Regjeringi, som hev kravt denne Drygjingi; ho etlar truleg koma med eit Millomforslag, som Thingi kann semjast um. Innriksministeren hev lagt fram fyr Folkethinget eit Forslag um, at det skal lata til 300,000 Francs til Hjelp aat dei heimvendande Kommunardar, at dei ikkje skal standa paa berr Bakke med det same dei hev sett Foten paa Heimsens Grunn.
           
Det schweiziske Folkething hev etter livlegt Ordskifte i tvo Dagar med 65 Røyster mot 62 forkastat Avgjerdi aat Yverhuset um aa innføra Livsstraffi att. Forslaget skal no leggjast fram fyr Folket til Avrøysting.
           
Passavanti, han, som freistad aa myrda Kong Umberto av Italia, vart dømd fraa Livet, men fekk Kongens Naade. Han hev voret lik til aa vera reint vitlaus i det sidste.