Til dei, som skriv um Thingmenn fyr Bratsberg.

Det hev gledt meg, at Telarne er dei, som fyrst hev teket upp Talen um Vali, og at det er i Fedrh., at denne Talen fyrst vert framboren. Maalmennerne maa vera Framstigsmenn. Lat det berre ikkje verta for mykje Ord og for lite Gjerning!
           
- Eg kjem fram med detta her mest av den Grunn, at eg tykkjer Morgedølens Stykkje vert teket onnorleids enn eg tok det. Det var væl ikkje nettupp Morgedølens Meining aa setja fram faste Emne til næste Thingmannsval; eg trur han meinte beintfram aa fortelja um det, som dei ruslar med paa Samtalemøti sine i Morgedal. Og tru det ikkje var væl, um Folk i andre Bygder gjorde som Morgedølarne? Um so var, trur eg det vilde verka paa same Maaten som naar Maalmennerne skriv kvar i sitt Bygdemaal: det vil draga fram Emne aa velja av fyr dei, som sidan skal avgjera Valet, - og Emne aa tenkja paa fyr dei som er med i Møti. Me er i alt for lite offentlege.
           
Men so var det detta. Kvi skriv de einast um Thingvali og inkje um Valmannsvali? Det er daa raadlaust aa venta gode Thingval, dersom me ikkje fær gode Valmenn. Me hev nok i mange Ting det Lyte aa sjaa paa Toppen og gløyma Roti. Men Valmennerne er det, me Bønder fyrst maa sjaa paa, um me vil gjera nokot og vinna nokot.
           
Tiderne gjer mange og store Krav til Thingmennerne no. Men det tykkjest meg underlegt at ettersom Kravi aukar, i Vigt som i Tal, og ettersom Thingyrkjet vert meir og meir andsvarsfullt og aalvorstungt, - so synest Thinget aa minka i Stødleik og Kraft. Men detta er væl mest Slingrepartiet si Skuld? Kunde her ikkje lagast eit fastfylkat Overbevisningsparti, som kunde hava Kraft aa Mod til aa standa stødt og ganga trygt fram etter sine faste Grunntankar?
           
Næst det aa finna varme Upplysnings- og Fridomsvener, støde, ærlege, paalitande, - so maa me hava Folk som kann spara. Me ser alle, at Styret fører oss allstødt inn i nye Utgifter og likevæl allstødt i større Skuld; kor ber det so av tilslutt? Meir enn nokotsinn gjeld det aa spara, ikkje just paa Skjelingen, men paa Dalaren, stemma Aa i Os, sjaa væl etter, at det som gjeng ut av Rikskassa, ikkje gjeng med til Vas og Gagnløysa, men einast til det, som trengst. Detta er ei sann Hovudsak no.
           
Difyr skal me beda alle dei, som hev Valrett: møt mannsterke fram paa Vali og semjest so um Valmenn, som de veit vil velja paa: sparsame, frilyndte, upplysningskjære, maaldjerve og tankestøde Thingmenn. Til Upplysning fyr Veljararne vil eg beda alle dei Blad, som arbeider fyr eit godt Thingval, at dei no utyver vil prenta uppatt Stemmelisturne fraa fyrre Valet, serleg fyr dei Amti, der dei hev mange Tingarar. Eg vonar visst, at Fedraheimen, Dagbladet, Oplandenes Avis Norge og Varden gjer detta.
           
Detta vil vera til Rettleiding; for ved det vil me lettare kunna sjaa, um dei Mennerne, som me hev tiltrutt vaar største Gjerning, er vaar Tiltru verde. Me hev fyrr og det vil væl hanga i enno for lite merkt oss dei Menns Aatferd, som hev avgjort vaare største Spursmaal. Maatte Bonden for honom tenkjer eg mest paa heretter koma til aa fylgja betre med! Og maatte dei, som heretter vert Bondens Ærendsmenn, faa større Lyst til aa opna Augo hans fyr, kor stor Vigt desse Samfundsspursmaal hev fyr honom og oss alle! Det er ikkje godt, at dei, som hev med aa greida vaare største Fyremaal, gjeng der og gjøymer sin Visdom burt; det var betre um dei var liksom Folk aa vaare eigne.
           
- Altso: passa væl paa Valmannsvali! Det er dei, det fyrst kjem an paa.
 
Kvitseid i Marts 1879.    
 
A. H.