Erling Vold.

Kjenner du Vold, so du tilfylles veit kor Kant han vil aat? Naar eg ser paa Røystingi hans ved sidste Val 1) og paa dei Røystesetlom han er med paa, staar han attaat slike som: Vaalen, (Hammerstad), Brandt, Brandvold og Horgen, som ein maa segja inkje høyrer til Tune sitt Parti. Hev inkje Vold skiftat Meining sidan, som eg har vandt um aa tru etter hans Ferd i Amtstinget um Folkehøgskulesaki, so lyt eg atter spyrja: Skal Stortingsvalet hjaa oss i Aar og gaa fyre seg paa den same ukonsekvente ja eg tenkte toskutte, men det er fulla for stygt aa segja um so høge Folk Maaten, som ved dei 3 sidste Vali, daa vert det for galet. Det er reint meiningslaust. I dei sidste 9 Aar hev Tingmennerne vaare stelt seg jamnan so, at 3 hev røystad paa ei Leid og 2 paa den andre. Utfallet vert daa 1 ei Røyst i Vegtskaali fraa det store Kristians Amt. Skal det verta Tanke og Samhald i Vale, er det naudturvlegt aa taka Parti og vita, korhelst ein hev sine Folk. Dei som vil velja att Veum og Tune, lyt finna 3 andre nye Menn, som ein er stød paa staar faste der. Eg skal nemna 2 Gudbrandsdøler, Sigurd Blekastad og Tomas Jørstad. Det er yngre Menn, men heilt upp faste, sjølvstendige og frilyndte. Eg hev høyrt gjetet ein Valdris, Ødegaard. Det og skal vera ein gild Kar, som du rimelegvis kjenner betre enn eg. E. Vold trur eg passar betre attaat Brandvold, Brandt og Horgen. Til den 5te vil eg fyreslaa Ivar Lunde. Alle veit, at det er ein dugande Kar. Ein Ting vil eg beda Valmennerne aa tenkja paa: Soframt dei vil velja nye Menn, var det daa inkje bedst aa taka yngre Folk. Det trur eg hev voret eit Mistak ved Bondetingvali, at dei hev valt for aldruge nye Menn. Ein lyt gaa paa Skule i Tinget og, fyrr ein vert nokot tess, ja visst ein Bonde daa, som oftast er heimagjord med liten Kunnskap. Naar ein sig uti Aari, vert ein mindre skikkad til aa gaa i Skule, og tilmed minkar Motet og Arbeidshugen.
           
Du, Einar, talar um den nye Mannen din, at han inkje vil riste Reimar or Annsmanns Rygg.
 
Til detta vil eg svara: Me vil helder inkje hava Bondetingmenn, som rister Reimar or Bondens Rygg; for det er nog av deim, som freistar paa det lell, um inkje Bonden sjølv gjer det.          
 
Gudbrandsdalen 22/ 479.          
                                                           
H.
 
1) E. Vold røysted paa: Baggerud, Brandt, Brandvold, Horgen og Hammerstad.