Brevsending.

Kristiania i April 1879.
 
Det hender rett jamt, at Fedraheimen hev Brevsendinger fraa Landsbygdom rundt ikring, og det er huglegt aa sjaa, at mange tek til aa skriva det Maalet, dei talar og ikkje lenger blygjest ved det. No vil eg og freista meg litegrand, gode Fedrh., og prøva, um inkje ein Bygut av Arbeidar-Aalmugen au kann koma til aa skriva Moersmaalet sitt utan for mykje Knot. Eg vil berre prøva, daa eg aldri hev talat Maalet; eg hev berre leset ei og onnor Maalbok og litet i dei Maalbladi me hev havt og no hev; men dermed er Hugen fest ved Maalet, som eg plent trur maa vera Moersmaalet mitt, um so Dansken aldri so mykje ber Namnet. For so heimlegt fell det meg aa lesa og so lett aa tenkja i, at eg tykkjest ikkje kunna tvila paa, at baade eg og kvar einaste Bygut maa kunne læra detta Maalet, endaa me no hev lært aa tenkja paa Dansk.
           
Eg hev bilom-til voret ei Stund paa Landsbygdi, og det hev altid voret so huglegt aa svalla ved Bygdefolket. Men naar so eg hev komet pjutrande med min Østlandskdansk, so er det liksom eg hev vortet rædd meg sjølv. Naar eg daa her i Hovudstaden etterpaa hev komet saman med Vener aa Skyldingar, og hev ymtat noko um detta, so hev dei gjort Gjøn med meg, og spurt meg um eg vil vera Døl! So hev eg daa lengje voret bljug ved denne Maaltanken min, og boret han hjaa meg sjølv; men so tok eg Mot til meg, og passad altid paa, naar det lagad seg so, og las upp eitkvart Stykkjet or Fedrh., elder nokot annat paa Maalet. Dei høyrde paa meg au, men dei maatte stendigt hava nokot morosamt Rispur aa slikt; - eg las no litt av kvart lell eg. Fraa Fyrstunne hadde dei vondt fyr aa skyna det eg las, so eg maatte greida ut fyr dei; men etterkvart fekk eg mindre Bry og kunde lesa meir og meir radt; - det er endaa nokre, som hev vortet bra til aa lesa Maalet sjølve. Berre me hadde lært det i Skulen, so!
           
Som eg fyr hev sagt, so er eg av Byaalmugen, og det fraa Hovudstaden. Mor mi var Dølegjente, ho; men huttemegtu! kor rædd ho var, daa eg var liten, for at eg skulde koma til aa tala nokot, som var raatt som hadde Svipen av Bondemaal. Soleis er det og med Skyldingarne mine; dei er Dølar alle ihop; men trur du dei vil kjennast ved Maalet sitt, naar eg les det for dei? Nei var det likt seg. Dei hev aldri høyrt nokot so raatt! Naar eg so minner dei um, at dei sjølv eingong hev talat slik, so tagnar dei aa dreg seg unda.
           
Eg hev berre nemnt detta her, fyrdi eg hev merkt meg, at det er mange fleire, som hev det paa sama Maaten av dei, som fraa Barnsbein er Landsfolk og som seinare er komne til Byarne. Det er Skam slikt; men det er Faavit, som gjer det. Skulemeistrarne paa Bygdom gjer sitt, og so kjem andre Skulemeistrar etter og gjer Resten. Verst er det fyr Gjentur, som fær seg Tenest i Byarne. Fruerne er rædde fyr, at Borni deira skal faa Smaken paa aa tala simpelt, og so er det daa dei, som fyr det Meste avløyser Skulemeistrarne med Skalkeherming og Gjøn. Men detta er leidt; for naar Kvinnurne gløymer Maalet sitt, so maa det døy; for det er all sin Dag Kvinna, som ber Maalet Moersmaalet uppe.
           
Naar me derfor kunde faa Maalet inn i Skulen, so var Slaget vunnet; for daa lærte dei Unge aa tenkja og tala paa sin Norsk, og daa var det ikkje so lett aa skræma Maalet fraa dei att; men daa kom det ogso smaat um Senn inn sjølv i Byarne,for det er Norsken, som er det Naturlege her i Landet. Og Byarne maa au vera med her, - og det væl ikkje minst.
           
Detta fyr fyrste Gong, fraa
                                                           
Ein Bygut.
                                   
           
Dersom alle Innsendarar fraa landet skreiv so vidt god Norsk som denne Kristianiaguten, so var det ikkje ille! Me hev altid rettat eit og annat, men svært litet i sjøle Maalet.    Bldst.