<død>

Med alle sine gode venner - 
han stod nok eine på jord.
Åleine som bøygde villbjørk
på fjell-moen vid og stor.
Og skyerne dreiv upp-yver,
og det lo i det svarte tjønn;
og rundt på aude vidder
gjekk ræv og raggutt bjønn.  
 
Som strålande dogg i soli
hans tankar glitrad og lo.
I kalde, ruskande stormar
han skok seg og skalv, men stod.
Visst ofta han fælen klorad
etter feste på kollen grå,
og bøygde seg tungt i stormen, -
men det kunde ingen sjå.
 
- Men gjenom farande tider    
bryt stormen seg større veg.
Og i dei lange nætter
på røterne frosten gneg.
Og fyrr at nokon tenkjer,
glid bjørki av kollen stillt,
og sig med sukk gjenom greiner
i djuvet djupt og villt.
 
Det er ei kvardags soga, 
men ho gjeng med mykjen gråt.
Ho gjeng som sukk um strender,
som sus i notti våt.
- Det er ei kvardags soga,
ho gjeng um tusund menn;
men livsens djupe jammer