[Bygdemaalssaki]

Bygdemaalssaki er fyr det fyrste avgjord so, at ho ikkje vert fyrr-seg-havd paa detta Tinget.
           
Og so var væl rett. Skulestyret hev tøygt seg so langt, at det i eit og alt hev gjevet Odelsthinget Rett i dess Krav; Odelsthinget hev soleids naatt det det vilde; daa no Skulestyret sjølv so plent vil vera aaleine um aa gjenomføra denne Saki, so bør Ein venta og sjaa. Kannhenda Skulestyret kunde taka seg paa Tak no og gjera nokot til Gagns i Saki. Og vert det berre gjort nokot, so kann det visst vera oss det same, kven som gjer det.
           
Men Ein fær ikkje slaa seg til Ro. Kannhenda Skulestyret gjer nokot, kannhenda ikkje. Her er nok ingen Hug, som dreg halve Lasset; og daa kann snart Lasset verta for tungt. Storthinget maa difyr standa attum og halda Auga med Arbeidet; og ser det, at det ikkje gjeng, maa det naar som helst kunna stiga fram og hjelpa til. Difyr er Logframlaget kvilande, som dei segjer, d. e. det ligg ferdugt til aa takast upp att, so snart Ein ser, at Skulestyret ikkje vinn Lasset fram.
           
I seg sjølv er Saki avgjord. Heile Samfundsstyret, baade Storthinget og Administrationen, hev godkjennt Tanken, og det finnst ikkje lenger ein Skuledirektør elder Prest, som hev Magt til aa leggja so mykje som tvo Pindar i Kross til Hinder fyr Arbeidet. Kvar Lærar i Landet veit no, at det er hans Plikt aa bruka Bygdemaalet, og at baade Folk og Styre krev det av honom, og er han daa aldri so litet til Kar, so vil han koma detta Kravet til Møtes. Og naar han gjer det, vil han strakst sjaa sjølv, at detta var det einaste rette, det einaste forsvarlege, og etterkvart vil det glida av seg sjølv.
           
- I rette Røyndi hev det norske Maalet hermed vunnet sin Plass att i den norske Landsskulen.