[Notisar]

Kristiania, den 6te Juni 1879.
 
Storthinget. Flaggsaki kom ikkje til Forhandling i Dagsmøtet. Paa Flotebudgettet er spart 640000. I det Heile er det innspart Kr. 3,700,000 paa Riksbudgettet.
 
Embætts-Utnemningar, Prest Kaurin i sydre Aurdal til Provst i Valdres, Prest Koren i Lenvik til Provst i Senja og Prest Ingier i Vik til Provst i yttre Sogn; ledig pers. Kapellan H. A. Eggen til pers. Kapellan hjaa Prest Dietrichson i Borre og Kand. H. N. Hauge til pers. Kapellan hjaa Provst Hauge i Skien; til Distriktslækjar P. M. Salvesen til Distriktslækjar i Hitra og Kand. O. Prydz til Distriktslækjar i Hevne; Assessor N. Schøyen til Landsdomar i nørdre Øysterdalen.
 
Avskil. Forstandar fyr Hospitalstiftingarne i Trondheim C. L. Schive med Etterløn Kr. 1200.
 
Fædrelandsvennen i Kristianssand og likeins Stiftstidende veit aa fortelja, at Professor Gisle Johnson vil søkja Stiftsprovstiet i Kristianssand, som er Heimstaden hans: Professoren gjekk ut or Kathedralskulen der fyr 40 Aar sidan.
 
Thingvalet fyr Finnmarksbyarne skal haldast paa Hammerfest den 2dre August. Den konservative Stavanger Amtstidende vil ha kastat Ueland og i hans Stad valt Sokneprest Irgens i Eikersund. I V. G. fær Lensmann Falch Lovord fyr aa vera ein frilyndt Mann, som lyt veljast ved Sida av Egge og Leer.
 
Daane. Sokneprest i Raudøy Byrge A. Motzfeldt, 69 Aar gl,; Handelsmann Johan Bordevik i Lyngver, Lofoten; Kand. Karl Johan Nilsen, Lærar ved Kristiania Kathedralskule, druknad i Akerselvi; han var ein gaaverik og dugande Mann, som mange vil sakna; Revisor i det norske Samlag.
 
Vaarflaumen hev voret hardla strid i Aar, likso strid som i 1860; sume Stader hev Vatnet endaa gjengjet høgre enn hitt Aaret. I alle Vasdrag er gjort Skade. Bruer er strokne med elder iallfall skadde, kostbare Vegjer øydelagde, Jarnvegstogi millom Støren og Røyros stansad, Postførsla etter Landevegjen innstillt osb. Heppelegt var det, at just som det saag mest trugande ut, fekk me kaldvoret Vedr, so Vatnet tok til aa minka att 1ste Pintsedag. Jamvel i Sverig hev det voret hard Flaum, soleids ved Sundsvall.
 
Svenskt Uttal um Flagsaki. Or eit Brev fraa ei kjend svensk Forfattarinna vaagar me oss til aa taka ut eit Par Ord um Flagsaki: - - Efter denna förklaring (om den sanne Skadinavisme) behöfver jag ej säga, at jag finner både målsaken och flaggsaken fullt berättigade, fast jag ej just gläder mig åt sättet, hvarpå den sista komit fram. Mest förundrar det mig, at denna sak blef så kallt emottagen i Norge. Låt vara, at många ärliga normän anse saken ovigtig - jag kan naturligtvis ej mäta dess vigt -, så berättigade detta dem dock ej till at möta den med hån. - -
- Fornuftige Folk tænke ens i begge Lande, som Poetikkel Polemikkel i si Tid med Sorg fekk finna.
 
Nytt Andsvar fyr ein Riksraad.