[Thingvali.]

Thingvali. Den 18de Aug. er Val fyr Trumsfylket, 19de fyr Borgesysla, 21 fyr Vest- Agder, 26 fyr Nørdre Bergens og 29de fyr Sydre Bergens Fylke. Fraa Trums Fylke er det Von um, at Slingringen Lundberg, som likvel ikkje er av dei verste, vert avløyst av Telegrafstationsstyrar Aslakson i Sandtorv. Wennberg er sjølvskriven. Fraa Borgesysla vil vonleg verta uppattvalde Huser og kannhenda Lund. So hev me til dei tvo andre Plassar: Funderud,Amund Strand, Pedersen-Skirød, Johnsen-Lisleby, Grundt og Hotvedt; av desse 5 vil det verta aa kora 2. - I Vest-Agder er det ikkje Tale um annat enn aa velja uppatt Jaabæk og Reierson, kannhenda og Holmesland. Som ny Mann vert framsett Skipseigar Julius Olsen fraa Vanse. Fraa Nørdre Bergens Fylke burde ikkje andre veljast uppatt av dei gamle enn Prest Jakob Sverdrup, men det kjem fulla ein elder fleire av deim med likevel; Bugge bør kastast og likeins Ellingsen, dersom det finnst betre Menn i Fylket. Sakførar Otto Blehr i Leirdal er ein baade frilynd og dugande Mann, som vilde gjera tie Gonger so stor Nytte som Lensmann Lasse Ellingsen. Fraa Sydre Bergen vonar me, at alle gamle vert uppattvalde.